Spelar- og trenarutvikling
Spelarutvikling
Visjonen til Kvernbit Fotball er at klubben skal ha eit breitt tilbod til medlemmane og slik gi moglegheit for kvar enkelt medlem til å utvikle seg både sportsleg og sosialt. Dette inneber også at Kvernbit skal også gi ekstra tilbod til dei som ønsker å utvikle seg, utover vanleg trening og kamp.
Kvernbit samarbeider tett med naboklubbar i regionen og Åsane om spelarutviklingstiltak for både jenter og gutar. Kvernbit tilbyr også vekelege keepertreningar. Kvernbit arrangerer årleg Trond Mohn sommarakademi første veka i sommarferien, og TINE fotballskule i haustferien. Kvernbit støtter deltakaravgifta for spelarar som deltar på sonetreningar hos Landslagsskulen.
Biletet over er frå Hamar eliteturnering, der jenter frå Kvernbit, Radøy FK og NBK stilte felles lag i 2024.
Vidare nedover kan du lese meir om kva Kvernbit tilbyr av
- Målvaktstrening
- Fotballskular (Trond Mohn-akademi, TINE fotballskule og Landslagsskulen)
- Trenarverktøy og øvingsbankar
- Videoanalyse
Spelarutvikling
Målvaktstrening
Kvar torsdag leier vår dyktige keepertrenar, Patryk Nowak, målvakter frå ulike aldrar (12–19 år) på felles trening. Dette håpar vi vil styrke meistring og dugleik hos målvaktene våre. Målvaktstreningane har vore eit populært og etterlengta tilbod. Fram mot nyttår, vil vi også ha målvaktstrening med Reidun Seth. Foto: Ruben Soltvedt.
Spelarutvikling
Fotballskular
Kvernbit arrangerer to fotballskular gjennom året. Første veka i sommarferien arrangerer vi Trond Mohn sommarakademi. I haustferien kan du delta på TINE fotballskule. Informasjon om påmelding kjem her.
Trond Mohn sommarakademi
Trond Mohn sommarakademi er eit samarbeid mellom Kvernbit, Arna-Bjørnar og tretten andre fotballklubbar i Bergen og omland. Akademiet blir arrangert på Fossemyra.
Fire dagar med kvalitetstrening, komplett draktsett, sekk/pose, og lunsj for berre kr. 300,–. Meld deg på innan 20. april for å få utstyrspakken.
Erik Mjelde (Arna-Bjørnar) står for det fotballfaglege innhaldet. Lokalt er det Andreas Hopland Larsen og Trond Egil Soltvedt som er ansvarleg for akademiet.
Utvikling av unge instruktørar er blitt ein viktig del av akademiet, og mange får sin første sommarjobb hos oss.
Vi ønsker å takke Trond Mohn for eit fantastisk flott bidrag, som gir barn og ungdom moglegheit til å oppleve eit fotballfellesskap der alle kan vere med. Det har ein verdi langt utover fotballbanens grenser.
TINE fotballskule
TINE Fotballskule er eit samarbeid mellom Noregs Fotballforbund og TINE, som starta i 1997. TINE vil bidra til å skape sunne og gode vaner hos barn i heile Noreg. 1,5 millionar barn har til no deltatt på ein TINE Fotballskule. TINE Fotballskule er Noregs Fotballforbunds offisielle fotballskule og er eit samarbeid som starta i 1997.
Sportsleg kvalitet, trygge rammer og sunt kosthald er sentrale stikkord for TINE Fotballskule. NFF leverer innhaldet og kvalitetssikrar fotballskulane. I løpet av fotballskulens fire dagar, får barn og unge spele fotball, i tillegg til tips om eit godt og variert kosthald.
– TINE Fotballskule er ein av landets viktigaste arenaer for å skape fotballglede blant barn og unge i Noreg. I 26 år har 1,5 million barn og unge deltatt på TINE Fotballskule. TINE Fotballskule bidrar med 1,3 milliardar kroner i inntekt til lokale klubbkasser. Desse midlane er avgjerande for å halde aktivitet i gang i lokalsamfunn og idrettstilbod til landets barn og unge, og er eit uvurderleg aktivitetstilbod som betyr mykje for norsk fotball, seier Kvernbits representant i forbundsstyret, fotballpresident Lise Klaveness.
Landslagsskolen
Inntil fem spelarar frå kvart 12-årskull får moglegheita til å delta på sonetreningar som ein del av Equinor Landslagsskolen. Treningane skjer lokalt i sonen.
Landslagsskolen har som intensjon å identifisere, stimulere og utvikle våre mest lovande 12–16-åringar. Målet er å identifisere spelarar som har ein eigarskap til eiga utvikling, og som kan utvikle seg til å bli toppspelarar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Spelarutvikling
Verktøy
Kvernbit har utarbeidd ulike fagplanar og øvingsbankar til bruk for trenarane våre. Du finn eit utval her. Foto: Håvard Brakstad Moen.
Spelarutvikling
Videoanalyse
Kvernbit tilbyr ungdoms- og seniorlag videoanalyseverktøyet Veo. Det er utarbeidd strenge retningsliner for bruk av Veo. Ta kontakt med trenarrettleiar, Andreas Hopland Larsen, for spørsmål om Veo. Foto: Ruben Soltvedt.
Retningslinjer for bruk av Veo IL Kvernbit:
- Aldersgrensen for filming av kampene er 13 år – altså J/G 13. Grensen går ved ungdomsfotball.
- Motstandere og dommer skal informeres i god tid før kamp.
- Kvernbits spillere, motstandere og dommer må gi samtykke til at kampen filmes. Det er tilstrekkelig med en muntlig avtale.
- Blir ikke samtykke gitt kan ikke filmingen gjennomføres.
- All bruk av Veo-utstyr skal bookes i et skjema før bruk. Skjema vil bli lagt ut på kvernbit.no.
- Trenere som er i «Veo-rommet» må ha gyldig politiattest.
- Vi kan dele opptaket med motstandere, mot at de følger samme retningslinjer som vi har. Motstanderlaget må da signere på eget skjema.
- Linken til kampen skal aldri deles med spillere. Trenere/lagledere får tilgang.
- Det er ikke lov å ta video/film av Veo-opptak, da dette da kan spres og komme ut av kontroll.
- Opptak skal aldri strømmes eller deles på sosiale medier eller andre steder. Opptaket skal kun brukes som et verktøy for analyse og utvikling.
- Det må også utøves skjønn og forsiktighet om kampen eller deler av kampen skal vises til alle spillere. Ingen skal føle seg uthengt eller mobbet pga. dette.
- Viktig med positive uttak og ikke bare fokus på forbedring.
TILLATELSE FOR DELING AV OPPTAK MED MOTSTANDERLAG:
Kvernbit ønsker å filme kampen. For å gjennomføre filmingen ønskes muntlig samtykke av motstander. Ønsker motstander opptak av kampen, forplikter mottakeren seg til å følge Kvernbit sine retningslinjer ved å signere under.
Signatur trener Kvernbit Signatur trener motstander
NB: Kamera skal som hovedregel leveres inn og settes på lading samme kveld som kamera blir lånt.
NB: Tar et lag kamera med hjem, skal kamera være levert tilbake og ferdig oppladet innen kl 17:00 dagen etter.
Forslag til velkomstmelding:
Hei,
Velkommen på kamp på Fossemyra.
[BANE - GARDEROBE - KIOSK]
[FAIR PLAY - KAMPVERT]
Kvernbit ønsker å filme kampen. Dette krev munnleg samtykke av gjestande lag og dommarar. Vi bed om tilbakemelding på at dette er ok. Dersom de ikkje gir samtykke, vil vi ikkje filme kampen. Vedlagt er Kvernbit sine retningsliner for filming av kampar ved bruk av Veo.
Velkommen på kamp!