
Fotballgruppa
Klubbhandbok
Klubbhandboka er laga av styret etter innspel frå utval, trenarar, utøvarar og foreldre i klubben. Handboka skal fungere som eit enkelt oppslagsverk og arbeidsverktøy for alle medlemmar, utøvarar, foreldre og føresette, trenarar, styre, utval og tilsette.
Klubbhandboka bygger på tidlegare tilsvarande dokument tilbake til 1980-talet. Klubbhandboka vart utarbeidd i samband med arbeidet for at Kvernbit skulle bli godkjent som NFF Kvalitetsklubb, i 2014. Denne versjonen er ein revisjon for resertifisering i 2021.
NFF Kvalitetsklubb er ei sertifiseringsordning i regi av Noregs fotballforbund (NFF) for klubbutvikling. Kvalitetsklubbprosjektet er derfor heilt sentralt og retningsgivande for utviklingsarbeidet i Kvernbit.
Kvalitetsklubb har fire fokusområde: organisasjon, aktivitet, kompetanse og samfunns- og verdiarbeid. Du vil finne at klubbhandboka er tematisk delt inn etter desse områda.
Saman med klubben sine vedtekter, sportsplan og økonomiplan, legg klubbhandboka føringar for drifta av fotballgruppa.
Styret i fotballgruppa er ansvarleg for innhaldet i klubbhandboka, og at denne jamleg blir oppdatert.