[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Johan (14) tatt ut til Equinor Talentleir

Forfatter: Atle Haugen

14. mars 2023

Fotball
Spelarutvikling
News article image

Skal bryne seg mot dei beste i landet.

Foto: Privat.

Johan Austgulen frå Kvernbit er tatt ut i G14-troppen til Equinor Talentleir i Sarpsborg i perioden 27. - 30. mars.

Talentleiren samlar dei beste i landet i aldersgruppa 14, i tillegg til G15-landslaget.

- Hensikten med samlinga er todelt. Det er å gi spillerne inspirasjon og motivasjon som fører til at dei trener endå hardare, smartare og betre i vekene og månadene som kjem, seier Håkon Grøttland, som er fagansvarleg for spelarutvikling i NFF, til fotball.no i samband med uttaket.

- All historikk tilseier også at nokon av desse spelarane vil spele A- landskampar, held han fram.

På lista finn ein i framste rekkje spelarar frå dei største klubbane, som Bodø/Glimt, Molde og Rosenborg - og altså Kvernbit òg.

Sjå heile uttaket på fotball.no.

Vi gratulerer og ønsker Johan lukke til på samlinga!