[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Trond Mohn sommerakademi i sommerferien

Forfatter: Andreas Hopland Larsen

08. mars 2025

Fotball
Spelarutvikling
News article image

23-26 juni på Fossmyra. Påmeldingsfrist 31.mai

IL Kvernbit fotball inviterer til Trond Mohn sommarakademi første veka i sommarferien, 23.–26. juni. Sommarakademiet er eit fotballakademi for gutar og jenter født mellom 2012 og 2018.


Trond Mohn sommarakademi er eit samarbeid mellom Kvernbit, Arna-Bjørnar og tretten andre fotballklubbar i Bergen og omland. Akademiet blir arrangert på Fossemyra.


Fire dagar med kvalitetstrening, komplett draktsett, sekk/pose, og lunsj for berre kr. 300,–. Meld deg på innan 20. april for å få utstyrspakken.


Erik Mjelde (Arna-Bjørnar) står for det fotballfaglege innhaldet. Lokalt er det Andreas Hopland Larsen og Trond Egil Soltvedt som er ansvarleg for akademiet.


Utvikling av unge instruktørar er blitt ein viktig del av akademiet, og mange får sin første sommarjobb hos oss.


Fotballakademiet startar alle dagar kl. 10:00 og varer til 14:00.


Påmelding via Spond Club: vel IL Kvernbit og meld deg på. Det er første mann til mølla. Det er ingen krav til klubbtilhøyrsle – alle kan melde seg på.


Vi har også eit inkluderingsfond det er mogleg å søke støtte til aktivitet i idrettslaget. Les meir om inkluderingsfondet.


Vi ønsker å takke Trond Mohn for eit fantastisk flott bidrag, som gir barn og ungdom moglegheit til å oppleve eit fotballfellesskap der alle kan vere med. Det har ein verdi langt utover fotballbanens grenser.


Påmelding her: Spond Club