Kvernbit-spelarar på elitecup
Forfatter: Atle Haugen
19. september 2024
Fem Kvernbit-jenter deltok førre helg på Jente Talent cup på Hamar.
Foto: NBK.
Sist helg deltok 14-årsjenter frå NBK, Kvernbit, Radøy, Austrheim og Masfjord på eliteturneringa Jente Talent Cup på Hamar. Der møtte dei internasjonal motstand.
Les NBK sitt fyldige reisebrev.
Frå Kvernbit deltok:
- Hanna D. Fjeldstad
- Milla L. Espetvedt
- Eira Austgulen
- Ronja Holm-Livden
- Tindra F. Torvik
I tillegg var Anette Livden ein del av trenarapparatet, saman med Sindre Erstad, Sindre Marøy (begge frå Radøy FK) og Anette Seljelid (NBK).
Den pan-nordhordlandske laget reiste over fjellet med den nye Kvernbit-bussen, og ein stor takk rettast til bussjåfør Håvard Austgulen og kartlesar Knut Stian Fjeldstad.
Foto: NBK.
Stjernecup til helga
Allereie no til helga skal tre Kvernbit-gutar hospitere med NBK sitt G16-lag på Stjernecup, same stad.
Dette er
- Marius Hopland Larsen
- Jaylan Jamal Kamau
- Adrian Rød-Jensen.
Vi ønsker dei lykke til på turneringa!