[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball
Hero image

Fotballgruppa

Kvalitetsklubb

Kvalitetsklubb er Noregs fotballforbund (NFF) sitt klubbutviklingsprosjekt. Sommaren 2016 blei IL Kvernbit sertifisert som NFF Kvalitetsklubb, etter to års intenst arbeid med prosessen fram mot sertifiseringa. NFF har med dette sett sitt stempel på at det osar kvalitet av den jobben og aktiviteten som går føre seg på Fossemyra. Dette er ei fjør i hatten til alle i Kvernbit!

Gjennom sertifiseringsperioden har vi hatt fire fokusområde:

  1. Organisasjon
  2. Aktivitet
  3. Kompetanse
  4. Samfunns- og verdiarbeid.

Organisasjon

Kvalitetsklubbprosjektet er eit system som vil vere retningsgjevande for det meste av utviklingsarbeidet som vert gjort i klubben vår. NFF introduserer kriterium på tre nivå som anerkjenner god kvalitet i klubbane. Dette byggjer vidare på «klubben som sjef»-filosofien, men representerer ein endå større heilskap og ein klar struktur og klare rolleskildringar. Som ein del av dette, er det laga klare rutinar for arbeidet i Kvernbit. Desse er samla i klubbhandboka.

Aktivitet

Sentralt for fokusområdet aktivitet, er sportsplanen. Sportsplanen er eit verktøy for trenarar og leiarar i klubben. Den er utarbeidd som ei rettleiing for alle som er involvert i fotballen i Kvernbit, og den er veldig nyttig til bruk i det den daglege aktiviteten på feltet. Sportsplanen er forma etter retningsliner frå NFF og dei verdiane IL Kvernbit står for.

Kompetanse

For å møte krava til sertifiseringa, har vi utdanna mange fleire trenarar, dommarar og leiarar. Dette er viktig for å skape tryggleik for nye trenarar i rollene deira, og er viktig for å sikre kvalitet på fotballaktiviteten. Betre kvalitet på trenarane gir betre trivsel.

Samfunns- og verdiarbeid

'Fair play' er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Kvernbit er ein stor samfunnsaktør for barn og unge i Alver kommune, og har difor eit viktig samfunnsansvar. Vi tar dette ansvaret på alvor, og ønsker å bygge gode haldningar og verdiar i tråd med verdigrunnlaget til norsk idrett, til alle medlemmane i klubben. Klubbens verdiar og fair play skal prege all aktivitet i klubben. Gjennom arbeidet med kvalitetsklubb har vi derfor hatt stort fokus på å utarbeide eit felles verdisett som heile klubben kan stille seg bak.

Eit viktig tiltak Kvernbit har sett på agendaen er trafikktryggleik. Over fleire år har vi hatt føredrag med politi og Trygg Trafikk, gjennom Trafikkfagleg samarbeidsutval (TSU) i Nordhordland.

Andre aktuelle tema er:

  • Eat Move Sleep
  • Seksuelle overgrep og trakassering
  • Doping
  • Alkohol
  • Trafikktryggleik
  • Kampfiksing og spilleavhengigheit
  • Mobbing og rasisme (som inngår i Fair play)
  • Skader og forsikring

Sentrale dokument:

Custom image

Kvernbit blei sertifisert kvalitetsklubb i juni 2016. Her frå utdelinga under sommarfesten, 3. juni 2016. Frå v.: Mats Christian Mandt (nestleiar, NFF Hordaland), Stig Blindheim (kvalitetsklubbrettleiar, NFF Hordaland), John Martin Jacobsen (medlem i kvalitetsklubbutvalet), Atle Haugen (styreleiar, fotballgruppa), Jan Otto Natland (styremedlem, medlem i kvalitetsklubbutvalet), Gunhild Heldal (styremedlem), Eirik Sagstad (sportsleg leiar) og Gina Blomberg (leiar, IL Kvernbit og nestleiar i fotballgruppa). Kvalitetsklubbansvarleg, Iver Dahl, var ikkje til stades ved utdelinga.

Utdrag frå NFF Hordaland si omtale av utdelinga:

Daglig leder i NFF Hordaland, Knut Berge, har vært veileder for IL Kvernbit i kvalitetsklubbprosessen. Han berømmer klubben for det gode og målrettede arbeidet som har vært gjort for å oppnå kriteriene som stilles for å bli en NFF Kvalitetsklubb.

– Et stort antall frivillige, med styret og kvalitetsklubbansvarlig Iver Dahl i spissen, har gjort en meget god jobb de siste to årene, sier Knut Berge - Det faktum at dette har vært en lang og omfattende prosess med mange involverte er en styrke for klubben.IL Kvernbit har i prosessen styrket organisasjonen, etablert tydelige strukturer og planverk og utarbeidet en god klubbhåndbok.

Berge viser videre til at den betydelige heving av trenerkompetansen i klubben vil lede til enda bedre kvalitet på aktiviteten for barn og unge på feltet.

–NFF Hordaland gratulerer IL Kvernbit med sertifiseringen som NFF Kvalitetsklubb.Vi gleder oss til å følge klubben i på veien videre i årene som kommer!

Les mer om Kvernbits kvalitetsklubbprosjekt

Les meir og Norges fotballforbunds kvalitetsklubbsprosjekt