[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball

Organisasjonskart

Fotballgruppa er ei undergruppe i Idrettslaget Kvernbit. Kvar undergruppe er medlem av eit særforbund. Kvernbit fotball er medlem av Noregs fotballforbund (NFF).

Fotballstyret skal legge til rette for best moglege rammer for aktiviteten i fotballgruppa.Fotballstyret representerer klubben overfor NFF.

Årleg møte

Fotballgruppa gjennomfører eit årleg møte med medlemmane. Det årlege gruppemøtet er det øvste vedtaksorganet i fotballgruppa, og vert halde kvart år innan utgangen av mars, og seinast tre veker før idrettslagets årsmøte.

Fotballstyrets samansetting og oppgåver

Den viktigaste funksjonen til fotballstyret er å legge til rette for best moglege rammer for aktiviteten i fotballgruppa. Dei viktigaste oppgåvene inkluderer:

  • Leie klubben sitt mål- og strategiarbeid og gjennomføre kontinuerleg strategisk oppfølging av rammene
  • Økonomisk kontroll og leie drifta
  • Sørge for rett organisering og styresamansetting, inklusiv effektive underutval
  • Følgje idrettens lover og representere klubben utetter
  • Legge til rette for å rekrutterer flest mogleg, og samstundes utvikle gode fotballspelarar, -dommarar, -trenarar og –leiarar.

Fotballstyret sine møte er som hovudregel opne, men kan lukkast dersom særlege omsyn taler for det. Fotballstyret offentleggjer møtekalender for eitt kalenderår om gangen, og protokoll i etterkant av kvart styremøte. Saker som bør eller ønskast drøfta av fotballstyret må meldast inn minimum éi veke før annonsert møtedato.

Kvernbit Fotball sitt organisasjonskart

Organisasjonskartet for Kvernbit Fotball skal vedtakast på det årlege møtet. Gyldig organisasjonskart blei vedtatt på årleg møte i 2015. Valkomité blir utnemnd av styret.

Organisasjonskartet viser korleis fotballgruppa er organisert, og kva for roller og ansvarsområde styret og underliggande utval skal dekke.

Det årlege møtet er øvste organ i fotballgruppa. Vidare er fotballgruppa éi av fleire undergrupper i fleiridrettslaget IL Kvernbit, og fotballgruppa opererer innanfor rammene og fullmaktene fotballstyret er tildelt av årsmøtet i idrettslaget. Sjå fullstendig organisasjonskart og forhold til andre klubborgan i margen til høgre.