[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball
Hero image

Spelar- og trenarutvikling

Sportsplan

Sportsplanen gir enkle og tydelege retningslinjer som skal gi felles rammer for barne‐ og ungdomsarbeidet i fotballgruppa til IL Kvernbit. Planen skal vere eit oppslagsverk og styringsverktøy for trenarar, lagleiarar, foreldre/føresette og spelarar i Kvernbit, og er forma etter retningslinjer frå Noregs Fotballforbund og dei verdiane IL Kvernbit står for. Foto: Håvard Brakstad Moen

Sportsplan

Her finn du sportsplanen til fotballgruppa i IL Kvernbit.

Sportsplanen kort fortalt

Fotballgruppa i IL Kvernbit skal:

  • Gi eit tilbod til alle som har lyst til å spele fotball
  • Gi alle moglegheit til å utvikle seg i eigen klubb
  • Fokusere på sosial og fotballmessig utvikling
  • Vere ein organisasjon som er prega av trivsel, glede og fellesskap
  • Bidra til å skape gode haldningar hos barn og unge, påverke til å ta ansvar overfor seg sjølve og andre i og utanfor fotballmiljøet
  • Vere ein leiande klubb innan ”Fair Play”
  • Vere ein klubb alle er stolte av å vere ein del av

Sportsplanen gir enkle og tydelege retningslinjer som skal gi felles rammer for barne‐ og ungdomsarbeidet i fotballgruppa til IL Kvernbit. Planen skal vere eit oppslagsverk og styringsverktøy for trenarar, lagleiarar, foreldre/føresette og spelarar i Kvernbit, og er forma etter retningslinjer frå Noregs Fotballforbund og dei verdiane IL Kvernbit står for.

Sportsleg utval (SU) har hovudansvaret for evaluering, revidering og for å følgje opp sportsplanen.

Der denne planen ikkje er tydeleg nok og ein ikkje finn svar, skal ein ta kontakt med SU om råd og tolking. I Kvernbit er det låg terskel for å legge saker fram for SU eller styret i fotballgruppa.

Hero image

Sportsplan

Sportsleg utval

Sportsleg utval har ansvaret for det sportslege tilbodet i fotballgruppa. Sportsplanen for fotballgruppa tydeleggjer Kvernbit sine mål, visjonar og grunnverdiar. Hovudmålsettinga i planen er å få flest mogleg til å drive med fotball lengst og best mogleg. I tillegg ønsker vi å skape eit fundament der alle får utvikling på sitt nivå. Det skal vere mogleg for ba de talentfulle spelarar og andre spelarar til a vere med lengst mogleg. Foto: Ruben Soltvedt.

Sportsleg utval består av

  • Tore André Fosse, sportsleg leiar
  • Karianne Sagstad
  • Richard Sherrock
  • Mari Askeland
  • Kenneth Strand
  • Andreas Hopland Larsen, trenarrettleiar (administasjonen).

Hero image

Sportsplan

Trenarrettleiar

Andreas Hopland Larsen er trenarrettleiar i IL Kvernbit. Han er tilsett i ei halv stilling. Foto: Fred-Ivar Utsi Klemetsen/Bergens Tidende.