Fotballgruppa
Dommarinformasjon
Ingen fotballkampar kan gjennomførast utan ein dommar på banen. Kvernbit skal legge til rette for å rekruttere, utvikle og halde på dommarar i klubben. På denne sida kan du finne informasjon om dommarane våre, dommaroppsett, dommarkurs og dommarrekning. Trenarar og lagleiarar har ei viktig oppgåve i å ta vare på dommarane undervegs i kampen. Kvernbit er ein fair play-klubb, og det skal alltid vere kampvert på kampane våre. Foto: Frekhaug frivilligsentral.
Ingen fotballkampar kan gjennomførast utan ein dommar på banen. Kvernbit skal legge til rette for å rekruttere, utvikle og halde på dommarar i klubben. At klubben allereie har ein dommar som har lukkast med å etablere seg i eliteserien, viser at det er mogleg å bygge ein fotballkarriere som dommar, sjølv i ein breiddeklubb som IL Kvernbit. Dommarar som ønsker å utvikle seg til å bli ein så god fotballdommar som mogleg, skal bli satsa på i Kvernbit.
Fotballstyret vedtok i 2021 ein heilskapleg rekrutteringsplan i fotballgruppa. I dette arbeidet definerte klubben tre mål med dommararbeidet i Kvernbit:
- Mål om minimum éin dommar per tre lag i ungdoms- og seniorfotballen til ei kvar tid.
- Mål om å utdanne minimum éin rekrutteringsdommar av kvart kjønn, kvart år.
- Vi skal ha nok dommarar til å få gjennomført alle kampar og turneringar på Fossemyra idrettspark.
Barnefotball
For kampar i barnefotballen og veteranfotball, set dommaransvarleg opp dommar på alle seriekampar. Dommaroppsett og oversikt over alle dommarar er alltid tilgjengeleg med siste oppdatering her på dommarsidene på kvernbit.no, sjå menyen over.
Lagleiar må ta kontakt med dommar seinast to dagar før kamp, for å sikre at dommaren kjem på kampen.
Ved endringar med kort varsel, eller andre omstende der dommar ikkje er sett opp, kan lagleiar legge ut førespurnad påi Spondgruppa "Klubbdommar". Ta kontakt med [email protected] for å få tilgang til denne gruppa.
Trenarar og lagleiarar har ei viktig oppgåve i å ta vare på dommarane undervegs i kampen. Kvernbit er ein fair play-klubb, og det skal alltid vere kampvert på kampane våre.
Ungdom/senior
I ungdomsfotballen set fotballkrinsen opp dommarar.
Lagleiar må ta kontakt med dommar seinast to dagar før kamp, for å sikre at dommaren kjem på kampen.
I nokre tilfelle må heimelaget likevel skaffe dommar sjølv. Det skal vere nøytral dommar på kampen. Bruk derfor søkemotoren til NFF for å finne ledig dommar. Vi har mange rekrutteringsdommarar og autoriserte krinsdommarar i naboklubbane våre som kan ta på seg desse oppdraga.
Dommarrekning
Utbetaling av honorar til klubbdommarar skjer ved å fylle ut elektronisk dommarrekning.
Ved serieturneringar fyller kvar dommar ut skjemaet éin gong. Skjemaet skal godkjennast av lagleiar eller dommaransvarleg før innsending.
Satsar for 2025:
| Spelform | Honorar | Kamplengd |
| Serieturnering 3-ar (6–7 år) | 50,- per kamp | 1x18 min |
| Serieturnering 5-ar (8–9 år) | 75,- per kamp | 1x23 min |
| Enkeltkamp 5-ar | 150,- | 2x25 min |
| 10–11 år (7-ar) | 300,- | 2x30 min |
| 12 år (9-ar) | 400,- | 2x35 min |
For kampar organisert av NFF Hordaland gjeld eigne satsar. Dommar sender rekning gjennom FIKS.
Informasjon frå NFF
REGELNYTT OG RETNIGNSLINER FOR 2025
Dommar
Toppdommar
Ivar Askeland representerer Kvernbit i Eliteserien. Ivar Askeland (t.h.) gjekk på linja ved 22 høve, assisterande VAR-dommar ved ti høve, og hadde i tillegg éin kamp i NM, i 2024, i sin sjuande heile sesong på det aller øvste nivå i norsk fotball, og har med det 163 oppdrag i eliteserien, totalt 310 kampar på dei to øvste nivåa på herresida, i tillegg til fire fjerdedommaroppdrag i Toppserien. Han er på nytt oppnemnd til eliteserien i 2025. Her er Ivar (t.h.) frå VAR-rommet i 2024, saman med VAR-dommar Steinar Hauge. Foto: Per Tho Angell/TV 2.
Dommarutvalet består av
- Kenneth Berge Lie, dommaransvarleg
- Inge André Håkull
- Atle Haugen