[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Vil du bli fotballdommar?

Forfatter: Atle Haugen

12. august 2022

Fotball
Dommar
News article image

Onsdag 17. august er det klubbdommarkurs for J/G 2009.

Ivar Askeland starta karrieren som klubbdommar på Fossemyra. I dag er han assistentdommar i eliteserien. Her er frå kampen mellom Brann og Viking på Brann stadion i 2020. Foto: Hordalandsfotball.no

Kurset blir halde i kultursalen i Meland Aktiv mellom klokka 18 og 21.

Kurset er obligatorisk for alle spelarar i klubben sin 13- årsklasse (J/G 2009). Hovudmålet med kurset er gi ei innføring i spelereglane og samtidig motivere og inspirere spelarar til å delta i fotballaktiviteten som dommarar.

Dei som ønsker det, får moglegheita til å dømme allereie under Kvernbit cup helga etter. Der vil dei få oppfølging av dommarrettleiarar i klubben.

For dei dommarane som er interesserte i å utvikle seg vidare, skal Kvernbit også tilby niarfotballkurs og rekrutteringsdommarkurs (som trengst for å dømme niar- og ellevarfotball i ungdomsklassane).

Påmelding til kurset skjer via lagleiar, som meldar vidare til dommaransvarleg Eivind Sagstad.