Samfunns- og verdiarbeid
Trygge rammer
Kvernbit ønsker å sette fokus på viktige tema innafor paraplyen «trygge rammer» med eit årleg arrangement. Foto: Håvard Brakstad Moen.
Kvernbit er ein stor samfunnsaktør for barn og unge i Alver kommune, og har difor eit viktig samfunnsansvar. Vi tar dette ansvaret på alvor, og ønsker å bygge gode haldningar og verdiar i tråd med verdigrunnlaget til norsk idrett, til alle medlemmane i klubben. Dette inneber også at vi er med på å skape trygge rammer for aktiviteten - både på og utanfor banen.
Klubben skal som ein del av arbeidet utarbeide rutinar og retningsliner. Desse skal kommuniserast gjennom klubbens klubbhandbok og i andre relevante kanalar.
I 2024 vedtok fotballstyret å sette fokus på
- Trygge rammer for fotballdommarane
- Psykisk helse og livsmeistring.
Vi har tidlegare hatt foredrag om ernæring, kriminalitet og rus, trafikktryggleik og mobbing. I samband med verdshelsedagen, sette vi i 2024 fokus på psykisk helse og livsmeistring.
Vi har utarbeidd
- retningsliner for bruk av alkohol og andre rusmiddel (sjå under) og
- etiske retningsliner for trenarar, andre frivillige og utøvarar i klubben.
Fotballstyret arbeider no med korleis trenarar og spelarar kan legge til rette for trygge rammer.
Trygge rammer
Psykisk helse og livsmeistring
Kvernbit ønsker å utvikle gode idrettsutøvarar på og utanfor banen. Det å handtere kriser, anten kjærleikssorg eller å ha bomma på ein straffe i Norway cup, er essensielt for å kunne komme tilbake. Som menneske, og som idrettsutøvar. I samband med verdshelsedagen, sette vi i 2024 fokus på psykisk helse og livsmeistring. Kvernbit hadde invitert Simen Almås til å halde foredrag for ungdommane i klubben, og foreldra deira. Foto: Håvard Brakstad Moen.
Foredragshaldaren gjekk gjennom sine livskriser, men retta først og fremst fokus på korleis han fann vegen tilbake etter desse krisene. Gjennom to foredrag, kvar på éin time, retta han seg først til ungdommane i klubben (13-19 år), deretter til foreldra. Over 100 ungdommar og 50 foreldre høyrte på.
Tilhøyrarane fekk høyre om traumatiske opplevingar. Men viktigast, ein kan ikkje samanlikne ulike kriser. Den krisa du går gjennom, er akkurat like alvorleg som andre si krise, og ein må ta tak i og handtere den krisa du står i, for seg. Simen snakka om viktigheita av å dele tankar om det vanskelege med sine nærmaste, venner eller andre tillitspersonar (til dømes lærarar eller trenarar), for å kunne få det betre.
– Mange kom ut frå føredraget no og var positivt overraska. Eg trur dei trenger litt tid på å fordøye det som blei sagt om «store kriser» og trekke parallellar med det å for eksempel bomme på ein viktig straffe, sa inkluderingsansvarleg Sigrid Ruud, til Strilen.
Takk til organisatorane Sigrid Ruud (inkluderingsansvarleg) og Karina Bremerthun (fair play-ansvarleg).
Trygge rammer
Retningsliner for alkohol og andre rusmiddel
Barn og unge skal oppleve at vi tilbyr eit trygt og godt miljø, fritt for alkohol og andre rusmiddel. Trenarar, leiarar og utøvarar skal vere gode førebilete for barn og unge. Alle sportslege arrangement i regi av Kvernbit er rusfrie.
Alle sportslege arrangement i regi av Kvernbit er rusfrie. Kvernbit har eigne retningsliner for alkohol og andre rusmiddel. Dette gjeld for leiarar, trenarar, føresette, spelarar og dommarar.
Kvernbit har tydlege haldningar til alkohol og rus. Barn og unge skal oppleve at vi tilbyr eit trygt og godt miljø, fritt for alkohol og andre rusmiddel. Trenarar, leiarar og utøvarar skal vere gode førebilete for barn og unge, og dei skal ikkje drikke alkohol i samvær med mindreårige. Dette gjeld for alle reiser og arrangement i tilknyting sportslege aktivitetar. Brot på desse retningslinene vil få konsekvensar.
Fossemyra idrettspark er eit røykfritt område.
I vedlegget under finn du utfyllande retningsliner for alkohol og rusmiddel i IL Kvernbit, i tillegg til kontrakt som nyttast i samband med reiser på turneringar.