Kva er politiattest?
Alle som skal utføre oppgåver i norsk idrett, som inneber eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming, skal framvise politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
Krav om politiattest i IL Kvernbit
Styret i Noregs idrettsforbund, olympiske og paralympiske komitè (NIF) vedtok 10. mars 2008 at alle som skal utføre oppgåver i norsk idrett, som inneber eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming, skal framvise politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
Politiattestordninga bidreg til å forhindre personar som kan utgjere ei risiko for overgrep eller skadeleg påverknad, vert forhindra frå å ta på seg slike oppdrag.
Det skal gjerast kjent når ei stilling eller aktivitet krev framvising av politiattest.
Ordninga omfattar både tilsette og frivillige over 15 år. Trenarar, instruktørar og lagleiarar med direkte kontakt med mindreårige eller personar med utviklingshemming, vil alltid ha eit ansvars- eller tillitsforhold, og er dermed alltid omfatta av ordninga.For andre oppgåver må idrettslaget gjere ei konkret vurdering. Om det er tvil om klubben skal hente inn politiattest, skal idrettskrinsen kontaktast.
I IL Kvernbit blir ordninga handtert på følgande måte: Alle tilsette og frivillege som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, skal framvise politiattest.
Dette gjerast i samråd med:
Anne Berit Hopland Larsen (utpeikt av styret som ansvarleg for ordninga i idrettslaget)
- e-post: [email protected]
- telefon: 56175554,
eller hennar avløysar:
Torfinn Losnedahl (utpeikt av styret som varaperson for ordninga i idrettslaget)
- e-post: [email protected]
- telefon: 95836743.
Begge representanter har taushetsplikt overfor uvedkommende i forhold til de opplysninger de får kjennskap til.
Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tiden er sikta/tiltalt eller tidlegare er ilagt førelegg/dømt for brot på føresegner i straffelova om seksualbrotsverk overfor barn.
Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhente politiattest for andre straffberre forhold. Innhenting av politiattest er gratis.
Innhenting på ein-to-tre:
- Bekreftelse fra idrettslaget fyllast ut av idrettslaget og den søknaden gjeld for, og signerast av begge. Den som plikter å vise fram politiattest sender søknaden til politiet, via attest.politiet.no.
- Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
- Den søknaden gjeld for skal framvise politiattesten til Anne Berit Hopland Larsen (administrasjonskonsulent, utpeikt av styret som ansvarleg for ordninga i idrettslaget).
IL Kvernbit skal ikkje lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn.
Personer som ikke har fremvist politiattest uten merknad, kan ikke settes til oppgaver som innebærer et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller mennesker med utviklingshemming.
Det er ikkje høve til å gjere unntak frå dette.
Dersom ein person skal utføre ei ny oppgåve for idrettslaget, har idrettlaget rett til å krevje ny attest. Nye oppgåver kan vere å bytte funksjon, eller å bytte lag/gruppe som ein er trenar eller lagleiar for.
Politiattesten skal uansett fornyast kvar tredje år.
Viktig: Endring i politiattestordninga
I treårsperioden har idrettslaget mulegheit til å rette seg til politiet og bede om fornya vandelskontroll når det ligg føre nye opplysningar som kan vere relevante for oppgåva vedkommande skal utføre – og som kan gjere at det vert stilt spørsmål til om vedkommande er skikka til å utføre det arbeidet formålet tilseier. Det kan berre utleverast same type opplysningar som gjekk fram av heimelsgrunnlaget for den opphavelege politiattesten. Opplysningar i fornya vandelskontroll blir sendt til idrettslaget med kopi til den som er gjenstand for fornya vandelskontroll.
Idrettslaget kan kontakte NIF for råd og rettleiing i desse sakene, epost: [email protected] eller tlf: 800 30 630.