[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Haustsesongen er i gang

Forfatter: Atle Haugen

19. august 2021

Fotball
News article image

Her er litt informasjon i samband med seriestarten for fotball.

Foto: Ruben Soltvedt.

Haustsesongen er alt i gang for dei fleste laga. For dei yngste laga, 7–9 år, er det planlagt miniturnering 5. september og 26. september. Det kjem meir informasjon frå NFF Hordaland når det nærmar seg.

Kampar har prioritert på den nye banen. Det betyr (dessverre) at ein del lag (spesielt tysdagar og torsdagar) må flytte treninga si over på den gamle banen dersom det er kollisjon med kamp.

Rutinar for kampgjennomføring

Kampar på Fossemyra skal framleis gjennomførast i tråd med reglane for kampgjennomføring i fotballens koronahandbok. Dette inneber at vi må vere halde fram med å vere flinke på smittevernet, kampvertar (MED vest) og føring av lister. Laga må peike ut ein dedikert kampvert som har ansvar for at arrangementet blir gjennomført etter rutinane, og at deltakarar og publikum blir registrert på eiga liste eller via QR-kode eller på nett.

  • Lagleiar har ansvar for å sende inn lagliste+støtteapparat (koronaliste) for begge lag til Grethe på [email protected], seinast dagen etter kamp. For kampar med digital kamprapport (FIKS), er det tilstrekkeleg at spelarlista er registrert der, men for alle andre kampar må lagleiar levere komplett deltakarliste for både eiga og motstandaren sitt lag.
  • Kampvert sørger for at alle andre (tilskodarar) som oppheld seg på Fossemyra skal registrere seg ved QR-kode (oppslag på ulike stadar på Fossemyra) eller på nettsida vår.

Koronalistene er heilt nødvendige for smittesporing. Dersom det skulle vere smitte på personar involvert i kampar på Fossemyra, må klubben kjapt kunne levere desse listene til smittesporarane i kommunen. Det er derfor svært viktig at desse er fullstendige.

Informer motstandaren i førekant om korleis dei skal registrere seg, og oppfordre til færrast mogleg tilskodarar på anlegget.

Elles gjeld dei enkle men viktige tiltaka:

  • Alltid minimum éin meter avstand utanfor kampaktiviteten
  • God hand- og hostehygiene
  • Bli heime om du er sjuk eller har symptom

Hugs at kamparrangement skal vere separate og klart tydeleg skilde frå andre kamparrangement eller treningar.

Før ein kan delta på trening eller kamp, må alle ha gjennomført fotballens digitale koronavettkurs. Dette er obligatorisk for alle i breiddefotballen. Dette kan òg (med fordel) oppfriskast.

Dommar

I klassane 7-12 år er det Kvernbit som set opp klubbdommar på kampane, ved dommaransvarleg Eivind Sagstad. Han set opp dommar fortløpande. Ta kontakt med Eivind for namn på dommar som skal dømme kampen, tlf. 94803998. Ta kontakt med dommaren seinast to dagar før kamp for å avtale oppmøte direkte med dommaren.

Vedlagt er dommarrekning for desse klassane. Denne skal leverast til Grethe, [email protected], etter kamp.

Flytting av kamp

All kampflytting skal vere avtalt med Trond Egil, [email protected], og skal sendast til NFF Hordaland. Omberammingar blir registrert automatisk i Spoortz.

Ta kontakt med styret eller administrasjon ved spørsmål.