Kvernbit og NBK satsar saman
Forfatter: Atle Haugen
12. april 2026
Ny suksessepoke for damefotballen.
Ein ny sesong står for tur. IL Kvernbit og Nordhordland Ballklubb har vedtatt å slå saman sine damelag på seniornivå. Samarbeidet inneber også eit felles lag i J19-klassen, som vil fungere som eit rekruttlag til seniorlaget, og i tillegg gi eit godt hospiteringstilbod til yngre jenter i klubben.
Berekraftig tilbod
Klubbane stilte (saman med Eikanger IL) felles damelag i perioden 2006-2019. ENK, som laget vart kalla, gav eit godt fotballtilbod for jenter og kvinner i begge klubbane. Vi ønsker å bygge vidare på dette fundamentet.
Begge klubbane har over tid vore avhengige av å bruke mange spelarar frå yngre årsklassar for å oppretthalde eit damelag. Dette har skapt utfordringar for drifta og utviklinga av ungdomslaga. Hovudmålet med samarbeidet er å etablere eit berekraftig damelag, der hovudvekta av spelarane er seniorspelarar.
Likeverdig samarbeid
Det nye samarbeidslaget vil heite NBK/Kvernbit, og skal spele annankvar kamp på Fossemyra og i Knarvik. Laget trener begge stader kvar veke og vil spele kampar i både Kvernbit- og NBK-drakter. Dette gjeld både for senior- og J19-laget.
Det nye damelaget har trena saman sidan februar, og har allereie spelt offisielle kampar. Laget kom heilt til semifinalen i vinterserien, etter ein 4-3-siger over Osterøy, og har også gjennomført fleire treningskampar.
Laget spelar annankvar kamp i Kvernbits drakter, og annankvar kamp i NBKs raude drakter.