[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Full gjenopning av idretten

Forfatter: Atle Haugen

01. februar 2022

Korona
Forside
News article image

KORONA: Regjeringa tar vekk alle restriksjonar for idretten.

Foto: Ruben Soltvedt.

Publisert: 01.02.2022.

Regjeringa meldte på pressekonferansen tysdag kveld at alle organiserte idretts- og fritidsaktivitetar igjen kan gå som normalt. Dette gjeld både innandørs og utandørs, og for alle aldersgrupper. Også meterskravet fell bort der det er nødvendig for å gjennomføre aktiviteten.

Reglane (eller opphevinga av reglane) gjeld frå 1. februar kl. 23.00.

Dermed kan alle idrettar gjennomførast etter det som var normalt i 2019.

Vi viser elles til dei generelle råda frå styresmaktene:

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom