Kunstgrasmatta ved fjellet bytast ut
Forfatter: Atle Haugen
05. november 2021
Arbeid med nytt banedekke startar måndag. Her finn du oppdaterte treningstider.
Arkivfoto: Trond Egil Soltvedt.
Publisert: 05.11.2021.
Det er banen ved fjellet som skal skiftast ut. Dagens kunstgras blei lagt i 2003, og har vore klar for utskifting ei stund. Vi er takknemlege for at Trond Mohn nok ein gong bidrar til opprusting av anlegget. Det vil bli gjort ein del grunnarbeid og nye tiltak etter dagens standard for å redusere miljøavtrykket. Banen skal etter planen stå klar til seriestart i 2022.
Anleggsarbeidet får konsekvensar for banedisponeringa i byggeperioden.
Her finn du oppdaterte treningstider.
Treningstidene gjeld til april neste år. Både banen utandørs og den i fotballhallen vil stort sett delast i tre. Slik vil flest mogleg få tilbod innandørs i vinterperioden. Vi oppmodar alle om å vise like stor rausheit og tolmod med kvarandre som under førre kaotiske byggeperiode, så går det helst bra.
Offisielle kampar blir alltid prioritert føre treningar. Treningskampar kan berre avtalast i eiga treningstid dersom laget disponerer stor nok bane til å gjennomføre kampen. For dei som treng større bane enn dei har tilgjengeleg i treningstida, må treningskampar gjennomførast i helg. Då er det normalt god kapasitet på anlegget.
Det er viktig at alle kampar og bruk av banen avtalast med Trond Egil.
Til slutt må vi presisere at ingen må gå inn på anleggsområdet. Området vil vere sikra og låst.