[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Fotballfest avsluttar sesongen

Forfatter: Atle Haugen

18. november 2022

Fotball
Forside
News article image

Søndagens beste fotball spelast ikkje i Qatar. Den spelast på Fossemyra!

Tekst: Morten Olsen Schulstad
Foto: Atle Haugen

Søndag 20. november avsluttast haustsesongen i ungdomsfotballen med ein skikkeleg fotballfest på kunstgraset på Fossemyra. Fordelt på tre kampar kan ein få oppleve nervepirrande medaljekampar og harde prestisjeduellar. Ikkje minst blir det lokalderby, toppoppgjer og seriefinale i éin og same kamp kl. 16.00.
Det er lova godt vêr og høg stemning, vi håper så mange som mogleg tek turen opp for å støtte laga våre i innspurten!

Kl. 14:00 tar Kvernbit imot Øystese til den siste kampen i 2. divisjon, jenter 13:
Før kampen ligg Kvernbit på fjerdeplass på tabellen, og sjølv om fyrsteplassen er utanfor rekkevidde kan jentene klatre heilt opp til seriesølv om dei vinn eigen kamp og får litt hjelp i dei andre kampane som går samtidig. Øystese har hatt ein tung sesong og har ikkje noko medalje i sikte. Men dei har neppe tatt turen heilt frå Hardanger for å tape, så her ventar vi høgt tempo og harde duellar.

Kl. 16:00 tar Kvernbit imot NBK til den siste kampen i 2. divisjon, gutar 15:
Før kampen ligg Kvernbit på andreplass på tabellen, tre fattige poeng under tabellnabo NBK. Kvernbit har altså alt i eigne hender og kan sikre seriegullet med seier og minst fem mål i positiv målforskjell. Dette blir på ingen måte ei enkel oppgåve. NBK er så langt ubeseira i serien og vil nok strekke seg langt for å halde den rekka heilt inn.
Dette er altså kampen som har det meste. Kven tar seriegullet og kva er det beste 15-årslaget i Nordhordland? Møt opp og sjå!

Kl. 18:00 tar Kvernbit imot Sotra til den (truleg) siste kampen i 1. divisjon, gutar 16:
Det har lugga litt for Kvernbit sine 16-åringar denne hausten. Status før søndag er at Kvernbit ligg på niandeplass på tabellen, med to hengekampar ein kanskje ikkje får spelt. Uansett er tabellen no såpass tett at Kvernbit kan løfte seg heilt til femteplass om dei vinn eigen kamp og dei andre kampane i divisjonen går rett veg. Sotra har hatt ein blytung sesong og står så langt utan eit einaste poeng i serien. Dei kjem med andre ord til Fossemyra med ingenting å tape – og mykje å ta igjen.

Dette kan altså fort bli den aller siste kampen for 16-åringane før dei går over til juniorfotball. Vi håper dei avsluttar med stil!

Støtt Kvernbit gjennom Grasrotandelen