Nye treningstider etter nyttår
Forfatter: Atle Haugen
27. desember 2022
Gjeld frå 2. januar.
Foto: Trond Egil Soltvedt.
Etter nyttår blir det nokre endringar i treningstidene.
Her finn du oppdaterte treningstider.
Dei nye treningstidene gjeld frå måndag 2. januar 2023.
Ta godt vare på banane, og ver venleg å rydd etter kvar trening. Set mål på plass og samle inn ballar og anna utstyr, og plasser der dette høyrer til. Spesielt viktig er dette no på vinteren. Flytt alle mål ut av banen etter kvar trening, så er det mykje mindre arbeid å brøyte banen når snøen kjem. Tusen takk!
Offisielle kampar blir alltid prioritert føre treningar. Treningskampar må avtalast i eigen treningstid dersom laget disponerer stor nok bane til å gjennomføre kampen. For dei som treng større bane enn dei har tilgjengeleg i treningstida, må treningskampar gjennomførast i helg. Då er det normalt god kapasitet på anlegget. Det er også ledig på bane 1 (mot Sagstad skule) tysdagar.
Det er viktig at alle kampar og bruk av banen avtalast med Trond Egil, på e-post: [email protected].