Trond Mohn sommarakademi første veka i sommarferien
Forfatter: Atle Haugen
17. april 2024
Fotballskule for 2011-2017.
Publisert: 17.04.2024
IL Kvernbit fotball inviterer til Trond Mohn sommarakademi første veka i sommarferien, 24.–27. juni. Sommarakademiet er eit fotballakademi for gutar og jenter født mellom 2011 og 2017.
Trond Mohn sommarakademi er eit samarbeid mellom Kvernbit, Arna-Bjørnar og tretten andre fotballklubbar i Bergen og omland. Akademiet blir arrangert på Fossemyra.
Fire dagar med kvalitetstrening, komplett draktsett, shorts, ball og lunsj i fire dagar for berre kr. 300,–.
Lokalt er det Andreas Hopland Larsen og Trond Egil Soltvedt som er ansvarleg for akademiet.
Utvikling av unge instruktørar er blitt ein viktig del av akademiet, og mange får sin første sommarjobb hos oss.
Fotballakademiet startar alle dagar kl. 10:00 og varer til 14:00.
Påmelding via Spond: vel IL Kvernbit og meld deg på. Det er førstemann til mølla. Det er ingen krav til klubbtilhøyrsle – alle kan melde seg på.
Vi har også eit inkluderingsfond det er mogleg å søke støtte til aktivitet i idrettslaget. Les meir om inkluderingsfondet.
Vi ønsker å takke Trond Mohn for eit fantastisk flott bidrag, som gir barn og ungdom moglegheit til å oppleve eit fotballfellesskap der alle kan vere med. Det har ein verdi langt utover fotballbanens grenser.
Påmelding her.
PS: Tine Fotballskule blir arrangert i haustferien.