Velkommen til serieturneringar 2. oktober
Forfatter: Atle Haugen
27. september 2022
Kvernbit inviterer til ny runde i 5v5-ligaen for J/G 8 år (f. 2014). Finn kampoppsett her.
Søndag 2. oktober har Kvernbit fått i oppdrag å arrangere turnering for J/G 8 år (f. 2014).
Seriespelet for 7-9 år organiserast som serieturneringar, der kvart lag spelar tre kampar kvar.
Det offisielle namnet for seriespelet i NFF Hordaland er 3v3- og 5v5-ligaen.
Det blir full rulle frå klokka 10 til 15 for dei to ulike turneringane.
Kampane går utandørs på kunstgras.
Det vil vere open kiosk. Betaling med vipps.
Ta godt vare på dei ferske klubbdommarane våre!
Kampoppsettet finn du i vedlegget til denne artikkelen. OBS! Det kan komme endringar. Kampoppsettet vil alltid vere oppdatert på desse sidene.