[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit sigra 2–1 etter dramatisk kamp mot Sund

Forfatter: Vebjørn Bø Dalstø

24. august 2025

Fotball
A-herrar
News article image

Det vart både festfotball og nervepirrande sluttminutt då Kvernbit tok imot Sund til seriekamp onsdag 20. august. Heimelaget vann til slutt 2–1 etter ein kamp som bød på alt frå perlemål til raudt kort og intenst sluttpress. Foto: Inge Instebø.

Kvernbit kom best i gang framfor eigne supportarar, og allereie tidleg i kampen fekk dei betalt for det gode opningsspelet. Joachim Hopsdal stanga inn 1–0 med ein presis heading etter eit godt slått innlegg frå Ruben Sellevold.

Midtvegs i første omgang var det nettopp Sellevold som stod for kveldens høgdepunkt. Med først ein tunnel og deretter eit praktfullt skot sende han ballen i nettet til 2–0 – eit mål som fort kan bli kandidat til årets scoring.

Sund fekk det endå vanskelegare då dei vart reduserte til ti mann etter ein utvisning i det 35. minuttet. Kvernbit skapte fleire sjansar før pause og kunne fort ha leia både 3–0 og 4–0, men laga gjekk til kvilen på stillinga 2–0.

Etter pause kom Sund meir med, og kampen tok ei dramatisk vending då gjestane vart tildelt straffespark. Den vart sikkert sett i mål til 2–1, og sjølv med ein mann mindre la Sund eit massivt press på Kvernbit i store delar av andre omgang.

Kvernbit måtte verkeleg krige for poenga, og bakerst stod keeper Gard Tolleshaug fram som ein matchvinnar med fleire avgjerande involveringar. Til slutt kunne heimelaget sleppe jubelen laus etter ein sterk 2–1-siger.

Med ein strålande førsteomgang og ein heroisk innsats i eiga boks etter pause, tok Kvernbit ein fortent siger og sikra haustens første trepoengar.