[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Nattcupen vart ein suksess

Forfatter: Atle Haugen

28. mars 2022

Fotball
News article image

For første gong sidan 2019 kunne Kvernbit igjen ønske velkommen til storcup på Fossemyra.

Masfjord stakk av med pokalen i J15-klassen. Foto: Anette Livden.

Laurdag var 50 lag samla til den aller første utgåva av Kvernbit nattcup.

Og for aller første gong var det nyvinninga Kvernbit nattcup som samla 50 lag til dyst i fotballhallen gjennom natta.

Turneringa oppstod etter initiativ frå ungdomsstyret i klubben, og passande nok blei ho arrangert i Kvernbit cup sitt femtiårsjubileum.

Med 50 lag, 107 kampar og 350 skåra mål, blei nattcupen ein suksess på fleire måtar.

Turneringa starta det innleiande gruppespelet allereie klokka 14 laurdag og var ikkje ferdig før den siste av finalane blei avslutta kl. 04.55 på morgonkvisten søndag.

Arrangementet fekk mange positive tilbakemeldingar, og vi ønsker derfor velkommen tilbake neste år. Dato blir annonsert innan kort tid.