[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit klar for finale i Sør cup

Forfatter: Atle Haugen

27. juni 2023

Fotball
Forside
News article image

Følg kampen direkte hos Fædrelandsvennen onsdag kl. 14:00!

Foto: Rune Haugseng/Foto-Expressen.

Det er cupfeber i sommar. Kvernbit deltar med åtte lag i alderen 13-15 år under Sør cup i Kristiansand og Vennesla. 16-, 17- og 19-årslaga våre deltar i Norway cup i slutten av juli. Jenter 15-laget vårt er no klar for finale. Kampen kan du sjå direkte på fvn.no. Kampstart onsdag kl. 14:00.

Sjå kampen her.

Det har vore nokre intensive fire dagar for Kvernbits 15-årsjenter. Dei starta turneringa med 3-0-siger over Suldal IL på laurdag, ny siger 2-1 mot den tidlegare storklubben Amazon Grimstad søndag, etterfølgt av 0-1-tap for Gimletroll IK og to uavgjorte kampar 0-0 mot Vigør og Vaaler IF måndag og tysdag. Det førte Kvernbit til ein tredjeplass i puljen, og dermed var Kvernbit klar for semifinale tysdag kveld. Der gjekk Kvernbit sigrande ut i kampen mot FK Vigør.

I finalen blir det eit gjensyn med Gimletroll IK, som Kvernbit altså tapte med eitt mål måndag. I dag er det tid for revansje i finalen. Kampen spelast på finalearenaen Sparebanken Sør Arena, som til vanleg er heimebanen til Start, og tar i underkant av 15 000 tilskodarar. Her har Kvernbit-jentene gode erfaringar etter sigeren over Amazon Grimstad.

Fleire gode prestasjonar

Dei sju andre Kvernbit-laga har også levert gode prestasjonar.

  • J13 vann alle sine tre kampar i gruppespelet, slo Rosseland 8-7 i åttedelsfinalen, men måtte gi tapt for Gimletroll, 1-2, i kvartfinalen.
  • J14, som til vanleg spelar i lag med J15-laget vårt, vann to og tapte to i gruppespelet, og slo Sandviken 2-0 i kvartfinalen i B-sluttspelet. Semifinalen blei ein målrik kamp, der Etne Ølen trekte det lengste strået og gjekk av med sigeren, 3-2.
  • G13 vann éin og tapte to i gruppespelet, vann 1-0 over Kopervik i åttedelfinalen, kom seg til kvartfinalen i B-sluttspelet, der dei måtte gi tapt for IL Runar.
  • G14 stilte med to lag. Det eine laget vann to kampar og spelte ein uavgjort i gruppespelet. I åttedelsfinalen mot Fløy endte 3-1 i favør av Fløy. Det andre G14-laget vann to kampar, tapte éin og avslutta i kvartfinalen mot Donn FK.
  • G15 stilte også med to lag. Det første laget vann alle sine kampar i gruppespelet, og avslutta i kvartfinalen mot Sædalen, 1-2. Det andre G15-laget fekk det litt tøffare, vann éin og tapte to kampar i gruppespelet, og avslutta med åttedelsfinale i B-sluttspelet for FK Donn.