[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit J15 seriemeistrar

Forfatter: Atle Haugen

17. november 2021

Fotball
Forside
News article image

Siste kamp som J2006/2007.

Foto: Torstein Ulriksen.

Det var rørande scener som utspelte seg på Fossemyra etter kampslutt, tysdag kveld, då Kvernbit J15 blei seriemeister. Kampen symboliserte nemleg også slutten på perioden som eiga lag. Frå neste sesong etablerer J2006 og J2007 felles lag med 2005 og 2004.

Gullrival Tertnes hadde alt spelt sin siste kamp, så Kvernbit visste at det ville halde med eitt poeng heime mot Radøy. Etter 25 minutt stod Aurora Nesse Smith for kveldens første scoring. Seks minutt ut i andre omgang skulle Radøy likevel gjere det spennande med ei utlikning. Uavgjort var altså nok, og når dommar Tiril Dalland Møvik gav sluttsignalet, kunne feiringa endeleg ta til.

–Dette er ein veldig dedikert gjeng som er treningsvillig og veldig interessert. Dei har spelt saman nokre år no, og jentene går veldig godt i lag. No fekk dei betalt for ein veldig god haust, seier Tom Eirik Albrechtsen, som trenar jentene.

Trenarteamet er utruleg stolt over denne gjengen, legg han til.

Her går det opp for jentene at dei har vunne serien. Video: Torstein Ulriksen.

Vi gratulerer!

Tabellen: