[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit med dramatisk poeng på heimebane

Forfatter: Vebjørn Bø Dalstø

23. september 2025

A-herrar
News article image

Med kvite drakter, svarte shortsar og ein heimebane full av energi, gjekk Kvernbit ut for å forsvare æra mot Flaktveit. Etter 90 minutt med dramatikk og rå innsats enda det 2–2 – eit resultat som forsterkar inntrykket av eit Kvernbit-lag i flyt, no med tre strake kampar utan tap.

Oliver Sudmann gav dei kvitkledde ein pangstart med 1–0, men gjestane frå Flaktveit slo tilbake med hurtigheit og teknikk, og snudde kampen til 2–1. Likevel nekta Kvernbit å la seg knekke. På tampen av oppgjeret gjekk innbyttar Sjur Markhus fryktlaust i duell og skaffa straffespark. Kaptein og toppscorar Andreas Larsen tok ansvar og sette inn utlikning ved å lure keeperen feil veg.

Og det kunne blitt endå betre: rett før slutt fekk Noah Samuelsen ei enorm moglegheit til å avgjere kampen. Skotet vart derimot blokkert og susa like over mål – marginane stod ikkje på Kvernbit si side denne gongen.

Sjølv om Flaktveit hadde mange raske og gode ballspelarar, gjorde Kvernbit det vanskeleg for dei. Keeper Gard Tolleshaug stod igjen fram som ein av banens store profiler med fleire avgjerande redningar – inkludert ei strafferedning. Midtbanen la ned eit formidabelt stykke arbeid, og Kasper Hamn leverte som vanleg ein prestasjon av høg klasse.

Andreas Sandvik, Oliver Sudmann og Andreas Larsen fekk gult kort for Kvernbit i løpet av kampen.

Ein annan nøkkel var laget si breidde. Fleire innbyttarar kom inn og leverte viktige bidrag, og det seier mykje om kvaliteten i troppen at alle kan gå på bana og bidra når det trengst.

Med tre kampar utan tap veks sjølvtilliten i Kvernbit-leiren. Laget har igjen vist at dei kan stå imot sterke motstandarar – og at dei alltid spelar med hjartet utanpå drakta.