Nytt idrettsanlegg for orientering!
Forfatter: Atle Haugen
19. september 2024
Det nye sprintkartet blei tatt i bruk førre veke.
Foto: Utsnitt av Mjåtveit sprintkart.
Orienteringsgruppa i Kvernbit har i fleire år lagt ned eit stort arbeid med å lage nye arenaer for sporten.
No kan orienteringsgruppa endeleg lansere sprintkartet for Mjåtveit!
Det er den ukrainske orienteringsløparen, Vyacheslav Mukhidinov, no busett i Knarvik, som har teikna kartet.
Kartet blei første gong tatt i bruk under Nordhordlandskarusellen sitt orienteringsløp i Mjåtveitmarka, førre måndag (9. september).
Det vart ein umiddelbar suksess! Styremedlem i Kvernbit orientering, Truls Corneliussen, kan rapportere at løparane var stråland nøgde med det nye kartet.
Les meir om terminlista for orienteringsløp i Nordhordland.
Det nye kartet er tilgjengeleg for kjøp ved å kontakte IL Kvernbit ved Truls Corneliussen, tlf. 90805010.
Pris:
- Digitalt kart: kr 10,-
- Papirkart: kr 25,-
Turorientering
Kvernbit orientering tilbyr også turorientering på Frekhaug. 33 poster er sett ut i nærområdet rundt Frekhaug, og på Flatøy og Håøy.
Les meir om turorientering.
Om orienteringsgruppa
Orienteringsgruppa i IL Kvernbit blei starta i 1996 og har i dag ca. 70 medlemmar, med ei fin blanding av barn og vaksne. Sesongen varer frå april til ut september, med orienteringsløp i Nordhordland. Annankvar måndag er det løp og løyper for begynnarar og vidarekomne. I tillegg er tilbyr vi turorientering i perioden april-november.
Les meir om aktiviteten i orienteringsgruppa, på www.kvernbit.no/orientering.
Ønsker du å bli medlem i orienteringsgruppa, meld deg inn her.