Nye koronavettreglar
Forfatter: Atle Haugen
01. juni 2020
Fysisk kontakt lov for barn og ungdom frå 1. juni.
Foto: NFF.
Sist oppdatert: 01.06.2020. NFF HAR KOME MED PRESISERINGAR AV KORONAVETTREGLANE I ETTERTID AV DENNE ARTIKKELEN. LES MEIR HER.
Like før pinsehelga kom regjeringa med oppdaterte retningslinjer, og NFF har oppdatert koronvettreglane. Desse gjeld frå og med 1. juni.
Det nye er at det no er tillate med fysisk kontakt i barne- og ungdomfotballen. Dette betyr at desse årsklassane kan starte opp med nokolunde normale treningar igjen. Dette gjeld ikkje for senior. Det gjeld førebels berre for trening – ikkje kampar, og det er ingen nyheiter om kor tid vi kan forvente å sette i gang fotballsesongen 2020.
Maksimal gruppestorleik er som tidlegare på maksimalt 20 per gruppe.
Det er viktig at vi framleis held avstand til kvarandre når før og etter treningane, på same måten som vi er oppfordra til å gjere elles i kvardagen. Unngå også feiringar, kyss, klapp og klem under treningane.