Blir du skogens konge eller dronning på Frekhaug?
Forfatter: Gina Blomberg
29. juni 2015
Delta i turorienteringen.
Kvernbit har lagt ut 33 turorienteringspostar, som vil vere tilgjengelege fram til Oktober. Har du lyst på ein utfordring? Kjøp opplegget (kr 100) på Rema1000 eller Intersport Frekhaug. Spring gjennom postane og sjå kor lang tid du bruker på turen. Send resultatet det til [email protected] .
Reglar: (i) Start kor du vil, og når du vil. (ii) Bruk 1 min til å sjå over kartet og bestemme deg for trasè. Valgfri rekkefølge, men alle postane skal besøkast. (iii) Start klokka og ha ein fin tur. (iv) Avslutt og stopp klokka når du er tilbake på utgangspunktet (start og stopp samme punkt). (v) Første forsøket gjeld.
Etterpå kan du levere inn stemplingskortet på Intersport og vere med i trekningen av flotte premiar. Dei aller fleste postane er svært enkle, så dette kan "alle" klare. Passer veldig godt for syklistar eller triatletar som vil ha alternativ trening, og er perfekt trening for Baskerar. I kvart opplegg er det to stemplingskort, så du kan gjerne ta fleire turar med familien etterpå.
Lykke til!