Rutinar for kampgjennomføring
Forfatter: Atle Haugen
16. april 2021
Det er igjen opna for treningskampar. Her er reglane og rutinane som no gjeld.
Foto: Ruben Soltvedt.
Dette er ein eldre sak. Oppdaterte rutinar for kampgjennomføring kom 19. august i samband med seriestarten for haustsesongen (nyheitssak).
Frå og med i dag, 16. april, er det igjen opna opp for at barn og unge kan spele kampar mot andre lag internt i kommunen. Før ein kan avtale kampar, må ALLE sette seg godt inn i dei reglane som gjeld:
Kampar på Fossemyra skal gjennomførast i tråd med reglane for kampgjennomføring i fotballens koronahandbok. Dette inneber at vi må vere endå flinkare på smittevernet, kampvertar (MED vest) og føring av lister.
- Lagleiar har ansvar for å sende inn lagliste+støtteapparat (koronaliste) for begge lag til Grethe på [email protected], seinast dagen etter kamp.
- Kampvert sørger for at alle andre (tilskodarar) som oppheld seg på Fossemyra skal registrere seg ved QR-kode (oppslag på ulike stadar på Fossemyra) eller på nettsida vår.
Informer motstandaren i førekant om korleis dei skal registrere seg, og oppfordre til færrast mogleg tilskodarar på anlegget.
Elles gjeld dei enkle men viktige tiltaka:
- Alltid minimum éin meter avstand utanfor kampaktiviteten
- God hand- og hostehygiene
- Bli heime om du er sjuk eller har symptom
Hugs at kamparrangement skal vere separate og klart tydeleg skilde frå andre kamparrangement eller treningar.
Bane skal tingast gjennom dagleg leiar, på [email protected]. Alle kampar, også treningskampar, skal vere registrerte, sjølv dei som blir gjennomført i eiga treningstid.
Vi har mange dommarar som ønsker å dømme kampar, og det er viktig at alle får mulegheita til å dømme, spesielt no som det ikkje er ordinært seriespel. Ta kontakt med dommaransvarleg, Eivind Sagstad, [email protected], eller legg dommaroppdraget ut på facebook-sida ‘Dommarar i Kvernbit’. Det er viktig at ikkje kvart lag finn éin dommar som dei spør kvar gong (sjølv om det kan vere veldig behageleg), men at vi sikrar at alle dommarane får mulegheita til å utvikle seg.
Meir informasjon om dommarrutinar finn du også på dommarsidene.
Vi minner til slutt om reglane for koronavettreglane: