50 år med kvinnefotball
Forfatter: Atle Haugen
28. april 2026
Bli med på feiring av kvinnefotballen i Hordaland! Vi sparkar det heile i gang når damelaget møter Sandviken, på Fossemyra, onsdag kveld kl. 20.00.
Den 4. mai 1976 vart den første organiserte kvinnekampen i Hordaland spelt på Ullsmågbanen mellom Fana og Langhaugen.
Året etter starta Kvernbit opp sitt tilbod for jenter, etter at nokre av jentene i klubben tok kontakt med formannen i klubben. Som det står skrive i 50-årsjubileumsskriftet til Kvernbit frå 1980:
«Damefotball var enno lite påakta og det vart noko diskusjon fram og attende før det vart gjeve grønt lys.»
Utpå sommaren 1977 kom treninga i gang, og laget deltok i kretsserien året etter.
50 år seinare står kvinnefotballen i Hordaland som eit levande bevis på kva engasjement, mot og fellesskap kan skape over tid. Der nokre modige kvinner tok dei første stega, etablerte lag, tok ansvar og opna dører for generasjonane som har følgt etter.
NFF Hordaland ønsker å feire dette 50-årsjubileet for den første kvinnekampen i Hordaland.
Det skjer gjennom felles markeringar på dei fire toppkampane i regionen denne helga:
- 1. mai kl. 14:00 – Arna-Bjørnar vs. Fyllingsdalen FK, Arna Idrettspark
- 3. mai kl. 14:30 – Brann vs. Hønefoss FK, Brann Stadion
- 3. mai kl. 16:00 – Åsane vs. Kolbotn, Åsane Arena
- 4.mai kl. 18:00 – Fana vs. Brann 2, Nesttun Kunstgress
På Fossemyra sparkar vi det heile i gang allereie i morgon, onsdag, kl. 20:00, då det nye samarbeidslaget NBK/Kvernbit tar imot Sandviken til duell på Fossemyra.
Praktisk informasjon:
- Billetter til Brann-kampen kjøpes via www.brann.no
- Billetter til Åsane-kampen finnes på www.asanefotball.no - I anledning jubileet koster billetter kun 50 kr
- Arna-Bjørnar og Fana tilbyr gratis inngang på sine kamper
Det er også alltid gratis inngang på Kvernbit sine kampar!