Kvernbit fotball inviterer ungdomslag til Kvernbit nattcup 2022
Forfatter: Atle Haugen
23. februar 2022
26.-27. mars 2022 i fotballhallen på Fossemyra.
Publisert: 17.11.2021
Oppdatert: 22.12.2021: Turneringa er flytta frå januar til ny dato i mars grunna koronanedstenginga.
IL Kvernbit fotball inviterer til nattcup på Fossemyra, 26.–27. mars 2022.
Turneringa går gjennom natta på kunstgraset i fotballhallen vår. Påmelding via Profixio. Påmeldingsfrist 6. mars 2022. Det er avgrensa tal på plassar.
LES MEIR INFORMASJON OM TURNERINGA.
Speleform: 5v5.
Aldersklassar:
| Jenteklassar | Guteklassar |
| J13 (f.e. 01.01.2009) | G13 (f.e. 01.01.2009) |
| J14 (f.e. 01.01.2008) | G14 (f.e. 01.01.2008) |
| J15 (f.e. 01.01.2007) | G15 (f.e. 01.01.2007) |
| J17 (f.e. 01.01.2005) | G17 (f.e. 01.01.2005) |
Merk: Det er reine årsklassar, med unntak av J/G17 som består av både 16 og 17.
Speletid: 1x17 minutt. Dei to beste plasserte i kvar pulje kvalifiserer seg til A-sluttspel gjennom natta. Det blir minimum tre kampar per påmeldte lag.
Innleiande spel på dagtid, finalespel på kveld/natt og utover morgonkvisten.
Bli med på ein gøy natt med fotball, moro, kåringar med kule premiar og trikseshow med Anders "Azun" Solum!
Turneringa blir spelt innandørs på kunstgraset i fotballhallen på Fossemyra. Hallen er frå 2019. Foto: Ruben Soltvedt.