Mange løp i regnet
Forfatter: Atle Bergseth
28. mai 2009
28.05.09, Tormod Eitrheim Bergersen, 879 visninger
Regnvær hindra ikkje god deltaking i O-løpet på Frekhaug sist tirsdag.
Delf
Heile 52 barn, ungdom og vaksne tok seg fram i det kuperte skogsterrenget på Mjåtveit. Maurtua barnehage i Frekhaugmarka fungerte godt som samlingsplass med start og mål like ved skogsgrensa.
Av Atle Bergseth
Det er tydeleg at orienteringskursa i vår og tilbod om turorientering i kombinasjon med O-karusellen har betra deltakinga.
Resulatata i normalløypa syner at det er ganske mange unge som begynner å få taket på orienteringa. Nokre av dei unge finner og fram i ein noko vanskelegare mellomløype på respektable tider.
I N-klassen var det fleire barn som sprang ned mot 30 minuttar i den 1,7 km lange løypa. Nokre i fylgje med vaksne, men fleire i 9-12 årsalderen har og opparbeid så pass kunnskap i kartlesing at dei finn fram på eigenhand.
I mellomløypa hadde Særbjørg Kjeka D17 og Ole Kjeka H17, begge Alvidra IL dei beste tidene. Anne Bergseth 12 år, frå Kvernbit var aleine i si klasse, men tida 50,32 er ganske god i ei så pass krevjande løype.
Deler av terrenget på Mjåtveit utfordrer orienteringstekniske ferdigheiter og særleg langløypa på vel tre kilometer hadde fleire vanskelege postar. Ikkje uventa meistra Kvernbit-løparane Bjarne Robberstad H17 og Truls Corneliussen H50 dette best og vann kvar si klasse med klar margin.
Siste løp før sommarferien er ved Kvassnesstemma i Knarvik 9. juni.
Resultat er fra løpet på Frekhaug:Turorientering:
1,7 km:Knut Egil Dyngeland, KnarvikAnna Langeland Johansen, AlvidraHåvard Landeland Johansen, AlvidraHilde Langeland Johansen, AlvidraMagnus Langeland johansen, AlvidraAlfred Daling Korsøen, AlvidraJulie Daling, AlvidraKarine Rusjedal, Alvidra
N-løype (1,7 km):D10:Liv Bergseth, Kvernbit 34,24Gunnhild Daling Korsøen, Alvidra 38,59Judith Dyngeland, Knarvik 32,37Erina Grasdal, Kvernbit 34,30Sofie Gunnesen, Alvidra 35,03Katrine Kjeka, Alvidra 38,51Jenny Korsøen, Alvidra 1,01,59Hilde Medaas, Alvidra 35,16Synøve Standal, Åsane 1,02,20Rebekka Totland, Kvernbit 31,13Sunniva V. Robberstad, Kvernbit 34,05H10:Kolbjørn Kjeka, Alvidra 32,38Niklas Olsvoll, Kvernbit 33,52Edson G. Reistad , Kvernbit 34,12.D13-16:1. Cassandra Dale, Kvernbit 29,59H13-16:1. Benjamin Mellingen, Kvernbit 31,55D17:1. Lill Gammelsæter, Kvernbit 33,49D50:1. Anny Grete Mellingen, Kvernbit 32,53H50:Ingvard Hageberg, Alvidra deltatt
Mellomløype (2,0 km):D11-12:1. Anne Bergseth, Kvernbit 50,32H13-16:1. Tobias Dyngeland 1,10,562. Knut Ivar Vangen Iversen 1,20,383. Matias Robberstad Vangen 1,34,39D17:1. Sæbjørg Kjæka, Alvidra 44,412. Ingunn Vangen, Kvernbit 1,10,573. Sissel Vangen, Kvernbit 1,14,32H17:1. Ole Kjeka, Alvidra 44,412. Vidar Konradsen, Alvidra 1,08,47H50:1. Leiv Eidsnes, Eikanger 45,552. Harald Krüger, Alvidra 54,583. Tor Svendsen Alvidra 57,11
Lang løype:H17:1.Bjarne Robberstad, Kvernbit 41,532.Atle Austrheim, Kvernbit 49,553.Sverre Johansen, Alvidra 54,084.Ronald Øyen, Kvernbit 59,255.Kjartan Medaas, Alvidra 1,00,06Ole Corneliussen, Kvernbit deltattH50:1. Truls Corneliussen, Kvenbit 42,552. Kjell Rune Standdal, Åsane 1,18,493. Øivind Eikefet, Alvidra 1,24,424. Mikal Krossøy, Austrheim 1,33,54