[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Fair play i sommar

Forfatter: Atle Haugen

26. juni 2025

Fotball
Fair play
News article image

Kvernbit skal vise seg frå sin beste side på tur i sommar. Lykke til på cup!

Kvernbit har i lang tid hatt søkelys på at vi skal vere ein klubb i forkant når det gjeld fair play. Derfor blei vi i 2021 kåra til årets Fair play-klubb i Hordaland, og vi har i fleire år vore sertifisert som fair play-klubb.

Fair play handlar om det som skjer på og utanfor banen, og er norma som skal prege aktiviteten vår på alle nivå. Dette inneber at vi respekterer og følgjer gjeldande regelverk, retningsliner og verdisett. Fotballarenaen er ein arena der vi skal ha respekt for alle menneske og forsterke fellesskapen. Fotballkampar skal gå føre seg i trygge rammer slik at alle får gode opplevingar. Fair play skal synleggjere korleis fotballen tar ein oppdragande rolle overfor barn og ungdom, og er grunnlaget for vårt omdømme og våre handlingar.

Fair Play er meir enn oppteljing av gule og røde kort etter endt cup.

Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, både på og utanfor banen! Som føresatt, publikum, spelar, trenar og leiar har vi alle eit ansvar. Hugs at alle som er med på cup – både som spelar, trenar og føresett – blir sett på som Kvernbit sine representantar på turneringa.

Spelarar skal handhelse både før og etter kamp – eit uttrykk for gjensidig respekt.

Er du tilskodar på kamp? Ta ansvaret og tenk over følgande:

  • Likeverd, aksept og inkludering gjeld alle i fotballmiljøet og for alle som er med på cupen.
  • Verdsett opplevingar, god oppførsel og lagand høgt
  • Respekter trenarens bruk av spelarar – ikkje kritiser avgjerdene
  • Dommaren prøver også å gjere sitt beste – ikkje kritiser avgjerdene, og hugs at de vil møte mange unge dommarar.
  • Resultatet må ikkje bli for viktig – den enkelte spelarens meistring har også stor betydning
  • Gi oppmuntring til alle spelarane – ikkje berre dine kjente

Retningsliner for speletid på sommarcup

Sommarcup er årets høgdepunkt i sesongen, og IL Kvernbit ønsker trivsel og fellesskap i høgsetet når vi reiser på cup. Klubben har utarbeidd følgande retningsliner for speletid under sommarcup (Sør Cup og Dana Cup) for ungdomslaga:

  • Alle spelarar som reiser på sommercup skal ha mykje speletid, minimum 50 prosent av total kamptid gjennom cupen. Ingen reiser på cup for å sitte på benken!
  • Intensjon om at alle skal vere på banen i kvar kamp.

På lag mot mobbing

Vi tar avstand frå mobbing, både i og utanfor fotballmiljøa. Fotballen skal vere ein positiv og trivselsfremjande aktivitet for alle.

Fargerik Fotball – mot vald og rasisme: Vi tolererer ingen form for rasisme eller vald i fotballen. Fotballen skal vere open og inkluderande for alle.

Spel fair! Vi skal saman sørge for at fotballen pregast av fair-spelande aktørar, både på og utanfor fotballbanen. Haldningane trenarar og spelarar har til medspelarar, motspelarar og ikkje minst dommarane, må bere preg av respekt og forståing i alle samanhengar.

Klubbens verdiar

Positiv oppførsel: Jeg tenker positivt om meg selv og andre.

Ærlig: Jeg er alltid ærlig

Respekt: Jeg viser respekt for andre i klubben, trenere, dommere og motstandere.

Ansvar: Jeg tar ansvar for meg selv og andre på laget og gruppen jeg er med i.

Hensyn: Jeg viser hensyn, og bruker ikke doping eller andre rusmidler på arrangement i regi av klubben.

Ydmyk: Jeg lytter til andre og oppfører meg ikke egoistisk.

Språkbruk: Jeg passer på ordbruken min på og utenfor arenaen der jeg konkurrerer og trener.

Oppmuntrer: Jeg støtter og oppmuntrer mine trenere, ledere og kamerater,

Pålitelig: Jeg er en pålitelig person, som mine kamerater kan stole på.

Forbilde: Jeg er et godt forbilde for andre.

Vi ønsker alle trenarar, spelarar og føresette ein god tur til Voss Cup, Sør Cup og Dana Cup i sommar!

Les meir om fair play i Kvernbit

Fair play

Fair play er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Kvernbit er ein stor samfunnsaktør for barn og unge i Alver kommune, og har difor eit viktig samfunnsansvar. Vi tar dette ansvaret på alvor, og ønsker å bygge gode haldningar og verdiar i tråd med verdigrunnlaget til norsk idrett, til alle medlemmane i klubben. Klubbens verdiar og fair play skal prege all aktivitet i klubben. Gjennom arbeidet med kvalitetsklubb har vi derfor hatt stort fokus på å utarbeide eit felles verdisett som heile klubben kan stille seg bak.