Orienteringsesongen står for tur
Forfatter: Atle Haugen
12. april 2024
Måndag brakar det laus i skogen i Alversund.
PÅ RETT SPOR: Bjarne Robberstad er ein av dei ivrige orienteringsløparane i Kvernbit. Arkivfoto: Kvernbit.no.
Orienteringskarusellen i Nordhordland opnar førstkommande måndag 15. april. Start mellom kl. 17.30 og 18.30.
Alle som ønsker kan delta på løpet. Det er løyper for både begynnarar og vidarekomne. Ein kan springe eller gå, ha tidtaking eller ta løypa som ein tur saman med andre.
Påmeldingsavgift: Under 17 år - kr. 20, over 17 år - kr. 50, familie - kr. 100 (maks).
Orienteringsløparane i Kvernbit skal få bryne seg på kjente og ukjente løyper i Nordhordland. Måndag opnar årets sesong i skogane i Alversund, med start frå Alversund skule. Deretter blir det orienteringsløp annankvar måndag fram mot sommaren.
Det blir løp på Lindås, Seim, Hilland, i Eikangervåg, Knarvik, Tellevik og ved Vassberget. I tillegg arrangerer Kvernbit to løp på Frekhaug gjennom sesongen.
Måndag 27. mai arrangerer Kvernbit orienteringsløp. Start ved Drømmehagen barnehage.
Sjå heile terminlista:
TOK SEG HEILT UT: Orienteringsløp er ein knalltøff kondisjonsidrett. Her representert ved André Corneliussen som gav alt, og kom på tredje plass, i den lengste løypa i eit løp i 2017. Foto: Nordhordland Orientering.
Om orienteringsgruppa
Orienteringsgruppa i IL Kvernbit blei starta i 1996 og har i dag ca. 70 medlemmar, med ei fin blanding av barn og vaksne. Sesongen varer frå april til ut september, med orienteringsløp i Nordhordland. Annankvar måndag er det løp og løyper for begynnarar og vidarekomne. I tillegg er tilbyr vi turorientering i perioden april-november.
Les meir om aktiviteten i orienteringsgruppa, på www.kvernbit.no/orientering.
Ønsker du å bli medlem i orienteringsgruppa, meld deg inn her.