[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

TINE fotballskole i haustferien

Forfatter: Atle Haugen

21. september 2022

Fotball
News article image

Påmelding opnar måndag kl. 08:00.

Foto: TINE Fotballskole, NFF.

Publisert: 02.09.2022.

IL Kvernbit vil i år arrangere TINE Fotballskole i haustferien frå måndag 10. oktober til torsdag 13. oktober. Fotballskolen er for gutar og jenter i 2.-7. klasse. Det er eit avgrensa tal på plassar.

Fotballskolen kostar kr. 700. Vi tilbyr 50 % søskenmoderasjon. Bruk kampanjekode: SØSKEN.

Påmeldinga via denne linken. Fyll ut eitt skjema per deltakar. Påmeldinga opnar måndag 5. september kl. 08:00. Påmeldingsfrist er 7. oktober kl. 12:25.

Vi oppmodar alle til å ete frukost før ankomst. Lunsj blir servert. Alle deltakarar får fotball, t-skjorte og sekk frå TINE. Sportsleg ansvar har Andreas Hopland Larsen.

Tidsplan:

09.00: Oppmøte alle dagar.

11.30: Lunsj (inkl. sjokolademjølk frå TINE).

14.00: Avslutning med frukt.

Hugs drikkeflaske, leggskinn og klede etter vêret.

Inkluderingsfond

L Kvernbit har oppretta eit fond som skal sikre at medlemmar med anstrengt økonomi får moglegheit til å vere med på aktivitetar i regi av idrettslaget. Medlemmane kan søke om støtte til påmeldingsavgift eller utstyr til bruk på fotballskolen. Du kan sende ein kortfatta søknad til [email protected]. Alle søknadar blir behandla konfidensielt.