Kvernbit fotball inviterer ungdomslag til Kvernbit nattcup 2023
Forfatter: Atle Haugen
19. januar 2023
11.-12. mars 2023 i fotballhallen på Fossemyra.
IL Kvernbit fotball gjentar suksessen frå i fjor, og inviterer ungdomslag til nattcup på Fossemyra, 11.–12. mars 2023.
Turneringa (5v5) går gjennom natta på kunstgraset i fotballhallen vår. Innleiande spel skjer utandørs.
Påmeldingsfrist 4. februar 2023. Det er avgrensa tal på plassar.
Pris: 950,- per lag.
Speleform: 5v5.
Aldersklassar:
| Jenteklassar | Guteklassar |
| J13 (f.e. 01.01.2010) | G13 (f.e. 01.01.2010) |
| J14 (f.e. 01.01.2009) | G14 (f.e. 01.01.2009) |
| J15 (f.e. 01.01.2008) | G15 (f.e. 01.01.2008) |
| J17 (f.e. 01.01.2007) | G16 (f.e. 01.01.2007) |
| J19 (f.e. 01.01.2004) | G19 (f.e. 01.01.2004) |
Speletid: 1x17 minutt. Dei to beste plasserte i kvar pulje kvalifiserer seg til A-sluttspel gjennom natta. Det blir minimum tre kampar per påmeldte lag.
Innleiande spel på dagtid, finalespel på kveld/natt og utover morgonkvisten.
Bli med på ein gøy natt med fotball og moro!
Finalespelet blir gjennomført innandørs på kunstgraset i fotballhallen på Fossemyra. Hallen er frå 2019. Foto: Ruben Soltvedt.
Les meir om Kvernbit nattcup.
Fair play
IL Kvernbit er ein sertifisert Fair play-klubb. Turneringa blir gjennomført etter prinsippa som gjeld for fair play i norsk fotball.
Vi vil ha kampvertar til stade under heile turneringa.