Lise Klaveness er Noregs nye fotballpresident
Forfatter: Atle Haugen
06. mars 2022
Kvernbits representant blei valt under forbundstinget søndag.
Kvernbits mektige trio: Gina Blomberg (varamedlem, NFF Hordaland), Lise Klaveness (president, NFF) og Atle Haugen (leiar, IL Kvernbit fotball). Foto: Pål Bjerketvedt, NFF.
Eit samrøystes forbundsting valde Klaveness til fotballpresident. Ho er med det den første presidenten som representerer Kvernbit (etter 92 år), og dessutan den første kvinna i vervet (i NFFs 120 år lange historie). Fotballpresidenten innehar det høgste tillitsvervet i norsk fotball.
Lise starta fotballkarrieren i Kvernbit, som enda med 73 A-landskampar og både serie- og cupmeisterskap i både Noreg og Sverige. Ho var fram til fredag direktør for elitefotball i NFF.
Lise er stolt over bakgrunnen sin og snakka varmt om oppveksten på Fossemyra og i Kvernbit fleire gongar under innlegget sitt under fotballtinget. Ho fortel at ho er mektig imponert over den flotte dugnadsinnsatsen som skjer på Fossemyra, og gløymer ikkje med det første det heilt tilfeldige møtet med Trond Egil på traktoren i romjula mens ho venta på ein journalist frå Avisa Nordhordland på Fossemyra.
Les om då Lise gav råd til unge jenter i Kvernbit.
Uttalar frå talarstolen tyder på at Klaveness har stor støtte i fotball-Noreg. Ho blir omtalt som ein kandidat med «stort truverde, sterk kompetanse og integritet», med «svært gode kommunikasjonsevner og forståing for komplekse problemstillingar», i tillegg til at ho har ei forståing av at «ei sterk utvikling av breiddefotballen er heilt nødvendig for at toppen skal lykkast». Sjølv presiserte ho at breiddefotballen har ein eigenverdi i seg sjølv. Om ein må velje, så MÅ vi ALLTID velje breidda! Lise tar på seg ei viktig oppgåve – det høgste tillitsvervet i norsk fotball i ei tid der fotballen skal gjenoppbyggast etter to år med pandemi. Fotballfamilien har sett seg ambisiøse mål for toppfotballen og landslaga, i tillegg til å inkludere heile fotballfamilien.
Les heile innstillinga frå valkomiteen.
Kvernbit er umåteleg stolt over det Lise har oppnådd, og ønsker henne lykke til i vervet!
Her veljast Lise Klaveness til fotballpresident. Video: Pål Hafstad Thorsen.