[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

GRATIS TINE Fotballskole i haustferien

Forfatter: Atle Haugen

23. september 2021

Fotball
News article image

Kvernbit inviterer til GRATIS TINE fotballskole 11.-14. oktober.

IL Kvernbit vil i år arrangere TINE Fotballskole i haustferien frå måndag 11. oktober til torsdag 14. oktober. Fotballskolen er for gutar og jenter i 2.-7. klasse.

Alver kommune støtter fotballskolen, slik at vi i år kan tilby denne HEILT GRATIS. Dei som alt er påmeldt, er framleis påmeldt, og får refundert heile beløpet ved å sende ein e-post med kontonummer til [email protected].

Vi oppmodar alle til å ete frukost før ankomst. Lunsj blir servert. Alle deltakarar får fotball, t-skjorte og sekk frå TINE. Sportsleg ansvar har Andreas Larsen.

Påmeldinga via denne linken.

Avgrensa tal på plassar. Påmeldingsfrist er 7. oktober.

Fotballskolen blir gjennomført med fokus på smittevern.

Tidsplan:

09.00 Oppmøte alle dagar

11.30 Lunsj (inkl. sjokolademelk frå TINE)

14.00 Avslutning med frukt (heil frukt)

Hugs drikkeflaske, leggskinn og klede etter vêret.