God stemning på nattcup
Forfatter: Atle Haugen
13. mars 2023
Laurdag og natt til søndag arrangerte fotballgruppa 5v5-nattcup på Fossemyra.
Med 56 påmeldte lag og 118 kampar, var vi avhengige av å nytte banane både utandørs og innandørs i hallen til å gjennomføre innleiande gruppespel. Finalespelet vart gjennomført innandørs mellom kl. 18 og 02.
Sjå fleire bilete og omtale i lokalavisene, Strilen og Avisa Nordhordland.
Totalt 22 dommarar, av dei var 17 klubbdommarar, leia kampane gjennom dei fjorten timane med spel.
CUPSTYRET
Cupstyret bestod Gunhild Heldal, Karina Bremerthun, Odd Harald Dommersnes, Anne Berit Hopland Larsen, Stein Ove Haugen, Anette Livden, Trym Eknes, Marcus Leivestad-Johnsen, Ida Heldal, Tomine Albrechtsen, Malene Sjursen Landro, Marius Hopland Larsen, Johannes Torpe Bødal og Atle Haugen.
Arrangementet hadde ikkje vore mogleg utan den jobben desse fjorten har gjort i forkant gjennom dei siste månadene og den siste veka, og undervegs i arrangementet. Vi takkar òg til alle andre som bidrog undervegs i turneringa.
SNØRYDDARAR
Men uansett kva for planar vi hadde lagt, ville ikkje arrangementet kunne gjennomførast utan at anlegget vart rydda for snø.
EIN STOR TAKK TIL TROND EGIL SOLTVEDT OG SVEIN ARNE DALE som sytte for at anlegget vart rydda for snø!
Det veldige snøfallet som kom natt til laurdag og gjennom heile laurdagen var inga hindring for vårt iherdige brøytemannskap. Allereie før klokka sju om morgonen var Svein Arne Dale på plass for å rydde parkeringsplassar og sidevegar for snø. Ikkje lenge etter dukka Trond Egil Soltvedt opp for å rydde banane for snømengdene. Med tett snødrev gjennom dagen, var det ingen tid for pausar, og traktorane gjekk i eitt. Ei lita kunstpause for å fylle drivstoff midt på dagen var einaste pausen. Takk vere desse to vart turneringa gjennomført etter tidsplanen. Eit hundretals fotballspelarar er takksame for innsatsen! Det ville ikkje vore mogleg å gjennomføre arrangementet utan deira innsats.
Vinnarar FAIR PLAY-pris:
Fedje IL J15 og FK Fyllingsdalen J17.
Vinnarane av årets Fair play-pris får ta med seg heile laget sitt inkludert nokre vaksne på ein valfri Brann-kamp på Stadion. Ein representant frå Kvernbit tek direkte kontakt med trenar eller lagleiar i løpet av kommande veke.
Klassevinnarar:
J13: Kvernbit 2
J14: FK Bergen Nord – Fotball
J15: FK Fyllingsdalen
J17: FK Fyllingsdalen – 1
G13: Radøy FK
G14: Austrheim Gul
G15: Kvernbit 2
G16: Kvernbit Orcas
Vi håpar vi sest på Kvernbit nattcup neste år også. Vi kjem attende med dato om kort tid.
DAGENS HELTAR: Trond Egil Soltvedt og Svein Arne Dale sytte for at anlegget vart rydda for snø. Foto: Atle Haugen.