Gode haldningar gir betre fotballspelarar
Forfatter: Atle Haugen
19. september 2024
Fair play-kamp på Fossemyra.
Foto: Kenneth Heggøy, NFF Hordaland.
Torsdag 12. september var det duka for månadens fair play-kamp i Hordaland. Kampen stod mellom Kvernbit Kvit og Flatveit Gul i G10-klassen.
Fair play-kampen skal sette eit ekstra fokus på haldningar og oppførsel på og utanfor banen. NFF Hordland stilte med instruktør Kenneth Heggøy, som hadde ei god garderobeprat med begge laga før kampen.
Det vart ein spennande kamp, som var prega av gode haldningar.
Les heile omtalen av kampen, hos NFF Hordaland.
Fair play i Kvernbit
'Fair play' er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Fair play handlar mellom anna om korleis Kvernbit viser god sportsand når vi tar imot gjestande lag og dommarar, og korleis vi opptrer under kamp. I tillegg handlar fair play om å bygge gode haldningar til utøvarar, trenarar og føresette. I sportsplanen til IL Kvernbit står det at skal vere ein leiande klubb innanfor fair play, og at vi skal "bidra til å skape gode haldningar hos barn og unge, [...] i og utanfor fotballmiljøet." Kvernbit blei kåra til årets fair play-klubb i Hordaland i 2021, og vi har i fleire år vore sertifisert som fair play-klubb.