Heroisk innsats – men marginane mot Kvernbit i Knarvik
Forfatter: Vebjørn Bø Dalstø
19. august 2025

Kvernbit sitt A-herrar kasta seg inn i duellane, sprang til krampa nesten tok dei og skapte sjansar nok til å snu kampen – men måtte likevel reise tomhendte heim etter 3–0 mot NBK på Knarvik Stadion.
Foto: Nordhordland Avis av Ole Jacob Riise Strønen.
Frå første spark på ballen var det kriging over heile banen. Første omgang var tett, tøff og full av duellar, der Kvernbit for det meste forsvarte sitt eige mål. Heimelaget fekk hól på byllen etter 20 minutt, då NBK scora på ein corner. Resten av omgangen forsvarte Kvernbit seg heroisk, og laget gjekk til pause vel vitande om at kampen framleis levde.
Blytung start etter pause
Optimismen vart teken med inn i garderoben, og spelarane kom ut med trua på poeng. Men berre seks minutt ut i andre omgang – i det 51. minutt – steig ein NBK-spelar opp og dobla leiinga på nok ein corner. Ein blytung start, men på ingen måte slutten.
Kvernbit nekta å gje seg. Dei flytta laget høgare i bana, jaga mål og skapte sjansar som fort kunne ha gitt ny spenning i kampen. Fleire gonger var dei berre små marginar unna å setje inn reduseringa som ville tent håpet.
Punktert på tampen
Mot slutten vart romma bak større i jakta på scoring, og i det 90. minutt nytta NBK dette og kontra inn 3–0. Eit flatterande resultat, sett med Kvernbit-auge, etter ein kamp der innsatsen og lagmoralen fortente betre betalt.
Ny æra med nytt trenarteam
Kampen markerer starten på ein ny epoke for Kvernbit, med trenarteamet Steve Elde, Inge Instebø, Bent-Inge Sellevold, Geir Atle Osa og Eirik Sagstad på plass. Dei fekk sjå eit lag som aldri slutta å kjempe, som bar klubbens fargar med stoltheit og som med same innsats vil kunne snu pila alt neste veke.
For no ventar Sund på Fossemyrane onsdag 20. august. Der skal Kvernbit springe ut framfor eigne supporterar, med fornya energi og tru på at innsatsen denne gongen blir løna med mål – og poeng.