[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Koronaoppdatering

Forfatter: Atle Haugen

02. november 2020

Fotball
Korona
News article image

Kvernbit er i dag gjort kjent med at dei er påvist eit tilfelle av korona i ein skuleklasse med tilknyting til Kvernbit.

To av laga er råka ved at dei fleste spelarane deira er sett i karantene denne veka.

Dette minner oss på at det igjen er viktigare enn nokon gong at vi er forsiktige og tar alle nødvendige forholdsreglar. Det er viktig at vi står samla for å unngå at vi må stenge aktiviteten på Fossemyra.

Eg minner om tiltaka som alt er innført og retningslinene vi har for aktiviteten på Fossemyra:

  • Ingen hospitering på tvers av lag og årsklassar.
  • Hugs bruk av antibac.
  • Sørg for å registrere deg for smittesporing – og minn gjerne naboen på å gjere det same.
  • Hald alltid minimum éin meter avstand. Det er gitt unntak for kamp- og treningsaktivitet. Hald likevel avstand på innbyttarbenker, i bil til og frå kamp, unngå kamprop og målfeiring i klynger, unngå handhelsing osb.
  • Hald avstand før og etter treningar. Spesielt gjeld dette for aktiviteten innandørs. Laga som er ferdige med trening i fotballhallen skal forlate fotballhallen før neste lag går inn.
  • Jamleg reingjering av fotballar og anna utstyr.

Meir enn nokon gong må vi stå saman om desse tiltaka. Fotballstyret ønsker å gi stor honnør til den innsatsen trenarar, støtteapparat og kampvertar har lagt ned i år. Den har vore heilt formidabel, og må halde fram i tida som kjem.