[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Første damekamp på 28 år!

Forfatter: Atle Haugen

12. februar 2023

Fotball
A-kvinner
#KvernbitJenter
News article image

Kvernbit gjekk sigrandes ut av årets første Holsnøy-derby.

Foto: Anette Livden.

Før denne sesongen har Kvernbit meldt på eit lag i 5. divisjon senior. Det har også Nordre Holsnøy gjort, og søndag kveld møttest dei to laga til treningskamp i Leirdalen og det første Holsnøy-derbyet denne sesongen.

– Det var godt å komme i gang og få unna premierenervane, fortel Tom Eirik Albrechtsen etter kampen.

Han er hovudtrenar for det første damelaget i Kvernbit (i eiga regi) sidan 1994.

Damelaget består av fjorårets J17-lag, og har nyleg fått forsterkingar frå seks–sju tidlegare Kvernbit-heltar. Fokuset til trenaren har difor vore å få samkjørt det nykomponerte laget.

Han var storfornøgd med prestasjonane i Leirdalen. Resultatet, 0–16, skildrar han som «litt valdsamt»:

– Vi har ei vanvitig gjeng. Mange gode jenter. Fokuset var å spele inn formasjonen, få jentene i gang og bli kjent. Det lukkast vi godt med, konstaterer trenaren.

Custom image

Kvernbit møtte Nordre Holsnøy til treningskamp i Leirdalen. Foto: Anette Livden.

Mangeårig arbeid

Etter mange års arbeid med å halde på jentene i klubben, mellom anna klubbens jentesatsing, ber no arbeidet frukter. Med Tom Eirik Albrechtsen, Krister Smith og Tommy Walle Sjurseth i spissen, har eit stort støtteapparat rundt jentelaget dei siste åra lagt ned ein enorm innsats for å halde på spelarar, slik at vi endeleg kan stille seniorlag igjen. Jentene som utgjer hovudstamma i laget har vore dei eldste jentene i klubben sidan dei var 13 år.

Støtteapparatet er styrka inn mot sesongen, og tel tretten personar. Dei fleste kjem frå fjorårets J17-lag. I støtteapparatet: Tom Eirik Albrechtsen, Krister Smith, Tommy Walle Sjurseth, Sylvia Ingebrigtsen, Tore André Fosse, Bjørn Gripsgård Knudsen, Johannes Norheim, Bente Herland, Anne Lise Markhus Knudsen, Nathalie Vabø, Kåre Frøland, Grete Øksnes Eknes og Eli Sagstad.

Årets 5. divisjon kvinner består av fleire lokale lag. Kvernbit vil møte Radøy, Lindås, Osterøy, Voss 2 og Fyllingsdalen 3, og sesongopnar borte mot Lindås 30. april.

Følg med på kvernbit.no fram mot sesongstart for å bli betre kjent med det nye damelaget og heile historia til damefotballen i Kvernbit.