[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit starter "talentutviklingsgruppe"

Forfatter: Henning Neverdal

23. april 2009

Fotball
Spelarutvikling
News article image

Kvernbit starter opp med ei eigen "talentutviklingsgruppe".

23.04.09, Tormod Eitrheim Bergersen, 19 visninger

Endeleg er Kvernbit klare til å starte opp med "talentutviklingsgruppa". Den fyrste samlinga blir laurdag 25.april klokka 11.00-13.00.

Litt om opplegget:- Opplegget blir leia av Frode Krossnes og Øystein Brattlid.- Gruppa kjem denne gongen til å bestå av gutespelarar frå 1998 til 1995. Seinare blir denne gruppa utvida eller fordelt anleis.- Opplegget kjem til å bestå av både teori og praktiske øvingar. Øvingane kjem i hovudsak til å vere retta mot eigentrening for spelarane.  Viktig informasjon til trenarar:- Fram mot 25.april har hovudtrenarane for 1998 til 1995 ansvaret for  å trekkje ut fire utespelarar frå kvar årsklasse. Desse spelarane skal "fortene" ein plass ut frå dugleik, haldningar og treningsframmøte. I tillegg skal alle målvakter delta.

- Opplegget skal fungere som ei "gulrot" for spelarane. Dette for å ta vare på talent, men like mykje til å styrke haldningar m.m.

- Trenarar er sjølvsagt hjartleg velkommen, noko som kan vere med å styrke samhaldet blandt trenarar i klubben. 

Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål til opplegget.  

Mvh.Henning Neverdal

Sportslig leder fotball

Mob. 906 66 220

[email protected]