[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Er du mellom 8 og 10 år og har lyst til å prøve volleyball?

Forfatter: Atle Haugen

30. april 2021

Volleyball
News article image

Volleyballgruppa inviterer foreldre og barn 8-10 år til eit femvekerskurs. Oppstart 4. mai.

Volleyballgruppa i IL Kvernbit inviterer foreldre og barn til leik og moro med volleyball.

Påmeldinga er open for barn i alderen 8–10 år frå Alver kommune (pga. smittevernrestriksjonar). Det er plass til maksimalt 10 barn.

Vi har fokus på leik, aktivitet og volleyballspel. Både foreldre og barn deltar i treninga.

Kurset går over fem veker, tysdagar 17:00-18:00, i Meland Aktiv. Oppstart 4. mai.

Følgande tysdagar: 4.mai, 11.mai, 18. mai, 25. mai og avslutning 1. juni 2021.

Pris. 250,- Kr.

Påmelding til Vibeke Molvik, tlf: 45273233, e-post: [email protected]

Påmelding må innehalde barnets namn, fødselsår i tillegg til namn, adresse, mobil og e-post til føresette som skal delta saman med barnet og som skal ha faktura.

COVID-19

Volleyball er ikkje definert som kontaktsport. Alle ballar og anna utstyr som brukast blir vaska både før og etter bruk. Vi spriter hendene før aktivitet og etter pauser.

Har du symptom, ikkje er frisk eller er i karantene skal du halde deg heime.

Ved spørsmål, ta kontakt med leiar i volleyballgruppa:

Vibeke Molvik

Tlf: 45273233