Håøy opp og ned 2014
Forfatter: Tormod Eitrheim Bergersen
12. september 2014
Mandag arrangerer ski- og orienteringsgruppen til Kvernbit løp på Flatøy
Kvernbit ski- og orienteringsgruppe ynskjer velkomen til det 2. «HÅØY OPP OG NED». Eit kombinert bakke- og o-løp på Håøy.
Dato : Mandag 15.09.2014
Stad : Håøy
Parkering : Ved blandeverket på Flatøy og p.plassar ellers på Flatøy, køyr saman om mogeleg då det er begrensa med p.plassar.
NB! Vis hensyn til trafikken !
Start : O-løp 17.45 – 18.15 (endra frå vanleg starttid)
Bakkeløp 18.45
Berekna god tid til start då det tar ca.25-30 minutt å gå til start frå blandeverket. God oppvarming!
Bakkeløpet er frå eine kaien og opp til toppen på Håøy, for dei som spring o-løp er dette første strekket på minilang og langløypa, resten av løypa er ned att mot kaien. Dei to korte løypene er i nedre del.
Ein kan altså velja om ein berre vil springa bakkeløpet eller vera med på begge delar. Det høver såleis for fleire idrettar og ein god peikepinn på korleis formen er.
O-løypene er noko kortare enn vanleg grunna bratt lende.
Fjordårsvinnarar:
Damer: Marianne Berg frå Grinde/Veten på tida 10,28
Herrer: Lasse Nordal frå AKS-77 på 7,03
Løperekordhaldarar er:
Marianne Berg med tida 10,28 og Harald Nygård med tida 6,46
Det er klassar for alle aldrar.
For bakkeløpet kan ein med fordel senda påmelding til Atle på sms 99159499, eller mail [email protected] innan lørdag kl 21.00.
Oppgi navn,fødselsår og klubb
Det er mulighet for etterpåmelding ved start.
Betaling ved start. 30,-
Arrangørlaga ynskjer velkomen til ei fysisk utfordring og sosial samankomst.