Kvernbit-ungdom best under Trond Mohn Games
Forfatter: Atle Haugen
15. juni 2023
Feira Trond Mohns 80-årsdag.
Sist helg møttest dei beste skuleklassane i Tinestafetten til Tinestafetten Grand Finale under førstemnet til det internasjonale friidrettsstemnet Trond Mohn Games på Fana stadion.
Éin regjerande verdsmeister, ei rekke medaljevinnarar i OL, VM og EM, noregseliten og eit stort publikum fekk alle sjå Sagstad skule sitt sjuandeklasselag springe inn til best tid i sin klasse - berre slått av eitt lag (NTG) frå 9. klasse.
Sagstad skule sitt stafettlag bestod av åtte ungdommar - fire gutar og fire jenter - som alle er aktive på Kvernbit fotball sine G13- og J13-årslag. Stafetten gjekk som vanleg over 8x200 meter. Sagstad kan med dette rekne seg som det beste stafett-skulelaget i Hordaland.