[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Velkommen til Trond Mohn sommarakademi

Forfatter: Atle Haugen

23. juni 2023

Fotball
News article image

Vi tar imot 180 jenter og gutar måndag til torsdag.

Foto: Martine Sagmyr Selle.

Måndag startar Trond Mohns sommerakademi på Fossemyra! Akademiet tek til kl.10:00 og varer til kl. 14:00 alle dagar i denne første veka i sommarferien.

På akademiet vil deltakerne møte unge engasjerte instruktørar. Utvikling av unge instruktørar er blitt ein viktig del av akademiet, og mange får sin første sommarjobb hos oss.

Det blir servert lunsj frå BigBite.

Utstyr

Ta med fotballsko og leggbeskyttarar. Dette er påbode utstyr.

Alle deltakarar får skopose, drikkeflaske, eit komplett draktsett og fotball utlevert første dagen. Det er viktig å ta med fotballen både på trening OG heim igjen etter trening kvar dag.

Kontakt

Ta kontakt ved spørsmål. Ansvarleg for sommarakademiet er

Andreas Hopland Larsen
Mob:90605385
Send epost

Takk!

Vi ønsker å takke Trond Mohn for eit fantastisk flott bidrag, som gir barn og ungdom moglegheit til å oppleve eit fotballfellesskap der alle kan vere med. Det har ein verdi langt utover fotballbanens grenser.

Velkommen til alle dei 180 deltakarane som kjem. Vi i IL Kvernbit gler oss til fire intensive dagar med masse fotballmoro.

Om Trond Mohn sommarakademi

Trond Mohn sommarakademi er eit samarbeid mellom Kvernbit, Arna-Bjørnar og tretten andre fotballklubbar i Bergen og omland. Akademiet blir arrangert på Fossemyra.

Erik Mjelde og Martin Knutsen Dolvik (begge Arna-Bjørnar) står for det fotballfaglege innhaldet. Lokalt er det Andreas Hopland Larsen og Trond Egil Soltvedt som er ansvarleg for akademiet.