[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

TINE Fotballskule i haustferien

Forfatter: Atle Haugen

08. september 2023

Fotball
News article image

Påmelding opnar måndag 10. september kl. 08:00.

Foto: TINE Fotballskole, NFF.

Publisert: 08.09.2023.

IL Kvernbit vil i år arrangere TINE Fotballskule i haustferien frå måndag 9. oktober til torsdag 12. oktober. Fotballskulen er for gutar og jenter i 2.-7. klasse (f.2011-2016). Det er eit avgrensa tal på plassar.

Fotballskulen kostar kr. 700. Vi tilbyr 50 % søskenmoderasjon. Bruk kampanjekode: SØSKEN.

Påmelding her.

Påmeldinga opnar måndag 10. september kl. 08:00. Påmeldingsfrist er 6. oktober kl. 12:00.

Vi oppmodar alle til å ete frukost før ankomst. Lunsj blir servert. Alle deltakarar får fotball, t-skjorte, drikkeflaske og sekk frå TINE. Sportsleg ansvar har Andreas Hopland Larsen.

Tidsplan:

10.00: Oppmøte alle dagar.

11.30: Lunsj (inkl. Litago sjokolademjølk frå TINE).

14.00: Avslutning med frukt.

Hugs drikkeflaske, leggskinn og klede etter vêret.

Inkluderingsfond

IL Kvernbit har oppretta eit fond som skal sikre at medlemmar med anstrengt økonomi får moglegheit til å vere med på aktivitetar i regi av idrettslaget. Medlemmane kan søke om støtte til påmeldingsavgift eller utstyr til bruk på fotballskulen. Du kan sende ein kortfatta søknad til [email protected]. Alle søknadar blir behandla konfidensielt.