Velkommen til Kvernbit nattcup 2022!
Forfatter: Atle Haugen
25. mars 2022
Viktig informasjon til alle påmeldte lag.
Parkering ved fotballbana og Sagstad skule
- Parkeringsvakter i gule vestar viser veg.
Sekretariat er i fotballhallen, 2. etasje
- alle lag må melde seg i sekretariatet seinast 30 minutt før kampstart.
Kampoppsett er tilgjengeleg i Profixiosjå siste versjon på nett eller i profixio-appen. Det kan ha kome endringar!
- vi bed om at alle registrerer spelarane sine i Profixio minimum 75 min før første kamp
- For ordens skuld: vi stiller klokka natt til søndag. Kampoppsettet følgjer normaltid (ikkje sommartid sjølv etter kl. 02.00).
Kiosk med glutenfrie alternativ
- betaling med Vipps eller kort
Det er totalt 6 baner; 4 ute og 2 inne
- Alle sluttspelkampane vert gjennomført innandørs i fotballhallen
Turneringsreglement
Turneringa følger kampreglementet til NFF og spelereglar for spel på små banar (13 år og eldre).
Speleform i turneringa er 5v5.
Speletid: 1x17 minutt. Dei to beste plasserte i kvar pulje kvalifiserer seg til A-sluttspel gjennom natta.
- Sluttspel
Dei to beste laga i kvar pulje går vidare til A-sluttspel.
Dersom to eller fleire lag har like mange poeng etter gruppespelet, avgjerast plassering etter følgande kriterium/rekkefølge: målskilnad/ flest skåra mål/ innbyrdes oppgjer, og til slutt ved myntkast i sekretariatet.
Kampar i sluttspelet avgjerast ved straffesparkkonkurranse dersom det står uavgjort ved full tid.
- Spelerett
Turneringa følgjer reglane og retningslinene frå NFF om alder og klasseinndeling. Spelarar må vere gyldig medlem av den klubben dei deltar for. Turneringa følger NFF sine retningsliner for å nytte overårige spelarar (§ 2-3 og § 2-4).